Sjå mine fakturaer

Du kan no som innbyggar enkelt få innsyn i eigne fakturaer. I tillegg er det mogleg å søke om betalingsutsetting

Logg inn og sjekk fakturaene dine her:

Du får innsyn i både ubetalte fakturaer og fakturahistorikk. Om du treng betalingsutsetjing kan du òg søkje om det i fakturainnsynsløysinga.


Informasjon om digital utsending av fakturaer

I oktober 2018 gjekk Askvoll kommune over til å sende faktura digitalt til våre kundar.
Dersom du har reservert deg frå å få elektronisk post og ikkje har ein av avtalane som er lista opp under, vil du framleis få fakturaen din heim i postkassen.

Fakturaen frå oss er no òg utan bankgiroblankett og kan ikkje nyttast til brevgiro. Då må du bruke ein tom bankgiroblankett og fylle ut naudsynt informasjon. Informasjon som skal fyllast ut finn du på den tilsendte fakturaen frå oss. Tomme bankgiroblankettar får du i din lokale bank.  

Faktura frå kommunen til deg vert sendt slikt:

  • Avtalegiro eller eFaktura
    Avtale om Avtalegiro eller eFaktura kan ein opprette i eigen bank. Askvoll kommune sender Avtalegiro eller eFaktura dersom ein har ein slik avtale i banken.

  • Digipost eller eBoks
    Faktura via Digipost eller eBoks føreset at du har ein avtale med ein av desse, og at du ikkje har reservert deg frå å få post frå det offentlege. Meir informasjon om Digipost og eBoks finn du på Norge.no,  Digipost og eBoks.no.
     
  • E-post
    Faktura blir sendt som vedlegg til e-post. Dette føreset at du er registrert med ein gyldig e-postadresse i kunderegisteret vårt. Du kan kontakte oss på postmottak@askvoll.kommune.no om du ynskjer å få registrert e-postadressa di.