Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Stortingsval 2021

Valdagen for Stortings- og sametingsvalet 2021 er måndag 13.september 2021. I Askvoll kommune vert det i tillegg valdag søndag 12.september 2021.

Du kan førehandsrøyste frå 10.august til 10.september. 
 

I år er det lurt å førehandsrøyste

Grunna koronapandemien oppmodar vi flest mogleg til å røyste i førehandsrøysteperioden frå 10.august til og med 10.september. Dette er ei tilråding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, for å spreie veljarane mest mogleg og unngå kødanning på valdagane.

Informasjon om stortingsvalet 2021 i Askvoll kommune

Smittevern og val

Det skal vere trygt å røyste

Valet i Askvoll kommune vil gå føre seg etter dei til kvar tid gjeldande smittevernreglane. Valet til hausten skal gjennomførast på ein trygg og god måte, uavhengig av smittesituasjonen. Ifølgje regjeringa sin plan for gjenopning av samfunnet, må vi gå ut frå at det framleis vil vere smitteverntiltak. 

Det er viktig at du følgjer gjeldande smittevernreglar når du skal røyste.

  • hugs å halde avstand

  • ha god handhygiene

  • vent med å røyste om du er sjuk, er i isolasjon eller karantene

Det vert sørga for godt smittevern i vallokala.

Vi oppmodar flest mogleg til å røyste i førehandsrøysteperioden frå 10.august til og med 10.september, slik at vi kan unngå at mange kjem samstundes for å røyste. 

Førehandsrøysting

Du kan førehandsrøyste frå 10.august til og med 10.september 2021

I førehandsrøysteperioden kan du røyste i alle kommunar i landet. Når du røystar i ein annan kommune enn du er manntalsført i, vert røystegjevinga di så sendt til heimkommunen din. Du er sjølv ansvarleg for å røyste på eit tidspunkt som gjer at røystegjevinga di kjem inn til valstyret innan kl.17 dagen etter valdagen.

Hugs at det ikkje er mogleg å angre på røystegjevinga. Dersom du røystar på førehand kan du ikkje røyste på nytt, heller ikkje på valdagen. 

Grunna koronapandemien oppmodar vi flest mogleg til å røyste i førehandsrøysteperioden, for å spreie veljarane mest mogleg og unngå kødanning på valdagane.


Opningstid for førehandsrøysting i Askvoll kommune

Opningstider førehandsrøysting - stortingsvalet 2021
Vallokale Opningstid
Askvoll rådhus mandag - fredag: kl.08.00 - 15.00
Askvoll rådhus laurdag 4.september frå kl. 10.00 - 14.00

På nettsida valglokaler.no kjem det oversikt over alle førehandsrøystestader.


Opningstid for tidlegrøysting

I Askvoll kommune kan du nytte deg av tidlegrøysting etter avtale på Askvoll rådhus på kvardagar mellom kl. 08:00 - 15:00 i perioden 1. juli - 9.august 2021.

Ordninga med tidlegrøysting er først og fremst retta mot veljarar som ikkje har høve til å røyste i den ordinære førehandrøysteperioden eller på valdagen. 


Skal du røyste frå utlandet eller på Svalbard?

Veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet kan førehandsrøyste hos utanriksstasjonar eller oppnemnde røystemottakarar. Svalbard og Jan Mayen er omfatta av dei same reglane som utanriksrøystegjeving. 

Det er mogleg å røyste frå utlandet, Svalbard og Jan Mayen frå 1.juli. 

Her finn du nærare informasjon om å røyste frå utlandet.
 

Vallokale og opningstider for røysting på valdagane 12. og 13. september

I Askvoll kommune vert valet gjennomført over to dagar: søndag 12.september og måndag 13.september 2021.

På desse dagar kan ein berre røyste i den kommunen du står manntalsført.

På søndag 12.september er det ope for røysting i Askvoll krins. Alle veljarar som er manntalsført i Askvoll kommune, kan nytte seg av tilbodet. 

I Askvoll kommune kan ein røyste her:

Stortingsvalet 2021: opningstider røystelokala på valdagen
Krins røystestad opningstid søndag 12.september opningstid måndag 13.september
Bulandet og Værlandet Bulandet skule stengt kl.13:00-18:00
Atløy Atløy Kulturhus stengt kl.13:00-18:00
Askvoll Askvollhallen kl. 15.00 - 19.00 kl.09:00-19:00
Holmedal Holmedal bygdehus stengt kl.09:00-18:00
Stongfjorden Stongfjorden grendahus stengt kl.13:00-18:00
Gjelsvik Gjelsvik skule stengt kl.13:00-18:00

Vi gjer merksam på at vallokalet i Askvoll krins på valdagen er Askvollhallen.
 

Heimerøysting for deg som er sjuk, ufør eller i isolasjon/karantene grunna korona

Heimerøysting i førehandsrøysteperioden

Veljarar som grunna sjukdom, uførleik, karantene eller isolasjonsplikt som følge av korona, ikkje kan røyste i vallokalet, kan søkje om å røyste på førehand der dei oppheld seg. Fristen for å søke om dette er fredag 10. september kl. 10.00.

Dersom du ønskjer å røyste heime, ta kontakt med kommunen på telefon 57 73 07 00 (tasteval 1) eller e-post: postmottak@askvoll.kommune.no.
 

Heimerøysting på valdagane

Som eit smitteverntiltak er det ved stortingsvalet 2021 høve til å kunne røyste heime på laurdag og søndag før valdagen og på sjølve valdagen måndag 13.september 2021. 

Denne ordninga gjeld berre veljarar mantallsført i Askvoll kommune som er i isolasjon eller karantene grunna korona, og som er forhindra i å møte i vallokale grunna smittevernreglane. Fristen for å søke om slik heimerøysting er måndag 13. september kl. 10.00.

Dersom du ønskjer å røyste heime, ta kontakt med kommunen på telefon 57 73 07 00 (tasteval 1) eller e-post: postmottak@askvoll.kommune.no.

 

Har eg røysterett?

 

Du har røysterett dersom du er: 

  • Norsk statsborgar

  • Har fylt 18 år innan utgangen av 2021 

  • Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Norge. 

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskravet. 
 

Er du innført i manntalet?

Manntalet er oversikten over alle som er røystefør i ein kommune. For å kunne røyste må du stå oppført i manntalet i ein kommune.

 

Står eg i manntalet?

Er du innført i manntalet?

Manntalet er oversikten over alle som er røystefør i ein kommune. For å kunne røyste må du stå oppført i manntalet i ein kommune.

Veljarar busett i Norge vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret som busett pr. 30.juni i valåret. 

Flyttar du til ein annan kommune etter 30.juni, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommune du flytta frå sjølv om du melder flytting. 


Sjekk at du står oppført i manntalet

Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn på rådhuset i Askvoll i perioden etter 10.juli. Dette vert kunngjort på nettsida til kommune og gjennom annonse i lokalavisa.

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan, med urett er innført eller utelaten frå manntalet, kan du krevje at valstyret retter opp feilen. Meir informasjon om korleis du kan sende inn kravet, kjem seinare.

Merk: opplysningar om butid er underlagt teieplikt jf. folkeregisterlova § 9-1, og kommunen har ikkje heimel til å innhente teiepliktsbelagte opplysningar frå Folkeregisteret i samband med valmanntalet.
Ved førespurnader om retting av feil i manntal, må du som veljar sjølv skaffe og vise fram for valstyret slike opplysningar frå Folkeregisteret som kan underbyggje kravet.  

Du kan få utlevert registrerte opplysninger om deg sjølv ved å ta kontakt med skattekontoret, eller ved å nytte  elektronisk teneste på Skatteetaten sin nettside: 

Gå til skatteetaten.no - tilgang til folkeregisteropplysningar for privatpersonar


For veljarar busett i utlandet gjeld:

Norske statsborgarar busett i utlandet må søkje om innføring i manntalet for kunne røyste ved valet, når dei ikkje har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste åra før valdagen. Søknaden sendast den kommunen der veljaren sist var registrert som busett.

Søknaden må vere kome inn til valstyret i den kommunen du sist var registert busett i Norge innan kl.17:00 tysdag etter valdagen.
 

Søknader for Askvoll kommune sendast:

Askvoll valstyret
Postboks 174, 6988 Askvoll

Eller per e-post til postmottak@askvoll.kommune.no
 

Valstyret vil oppdatere manntalet så lenge det praktisk er mogleg.

Har du vore registert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste 10 åra før valdagen, vert du automatisk innført i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Norge.
 

Valkortet vert no digitalt

Alle veljarar får tilsendt valkort. Valkortet stadfestar at du har røysterett ved valet, og det inneheld informasjon om kvar og når du kan røyste på valdagen.

Ved stortingsvalet 2021 vert valkortet sendt til din digitale postkasse eller i Altinn. 

Personar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjon si i registeret dei siste 18 månadene, kjem til å få valkortet tilsendt på papir via brevpost.

Det kan variere litt når du får det, men alle skal ha motteke valkort innan 10.august. 

Du kan røyste utan valkort, både i førehandsrøysteperioden og på sjølve valdagen, men registrering av røystegjevinga er enklare og går raskare når du har med valkortet ditt.

Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Slik røystar du

Sjølve valet går føre seg ved personleg oppmøte i eit vallokale på valdagen, eller ved førehandsrøysting. 

  • Har du røysta på førehand, er det denne som gjeld.

  • Du kan fritt bestemme om du ønskjer å røyste på førehand eller på valdagen. 

  • På valdagane 12. og 13.september kan du berre røyste i heimkommunen din der du er folkeregistrert. 

På valg.no finn du rettleiing for korleis du røystar i vallokalet: 

Slik røystar du - valg.no
 

Hjelp og assistanse i vallokalet

Ta kontakt med ein valfunksjonær dersom du har spørsmål eller treng rettleiing når du skal røyste. Valfunksjonærane har teieplikt.

Har du ein psykisk eller fysisk funksjonsnedsetting som gjer at du ikkje kan røyste alene? Då kan du få hjelp til å røyste av ein valfunksjonær eller ein annan person som du sjølv peikar ut.

På valg.no kan du lese meir om hjelp og assistande i vallokalet 
 

Legitimasjonsplikt

Hugs å ta med legitimasjon når du skal røyste. 

Du må vise legitimasjon når du skal røyste. Legitimasjon kan til dømes vere pass, førerkort eller bankkort med bilde, men du kan også bruke annan type legitimasjon.

Legitimasjonen må minst innehalde namn, fødselsdato og bilde. Dersom du oppheld deg på ein institusjon som sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan du få ein tilsett ved institusjonen til å stadfeste identiteten din. Den tilsette må då legitimere seg.

Merk: valkort er ikkje legitimasjon.

Vallister og politiske parti

På Vestland Fylkeskommune sin nettside finn du oversikt over lister til stortingsvalet 2021 frå Sogn og Fjordane: 

Sjølv om mange fylke er vorte slått saman, vil valdistrikta ved stortingsvalet tilsvare dei gamle fylkesgrensene (justert for dei kommunane som har endra fylkestilhøyrsle). Det betyr at dei 19 fylkene som eksisterte før regionreformen, framleis er valdistrikta i stortingsvalet, og ikkje dei 11 nye fylkene. 

 

Manntalseksemplar til politiske parti (partiservice)

Parti som stiller til val har rett til eitt gratis eksemplar av manntalet.

Frist for partiane for å søkje om manntalseksemplar er 25.juni 2021. Bestilling av manntal sendast på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no.

Uttrekk av manntalet vert berre gitt ut i papirform, og utlevert materiale skal leverast tilbake til valstyret innan to år.

Dei som har fått eit eksemplar, må gjere seg kjende meg regelverket (valforskrifta § 3 og forskrift om folkeregistrering):

  • Parti skal setje fram krav om manntalseksemplar for valstyret i kommunen
     
  • Framleggsstillarane har ikkje krav på å få meir enn eitt eksemplar. Ein kan få utlevert fleire eksemplar, dersom dei sjølv berar kostnadene knytt til dette.
     
  • Etter forskriften § 3 kan ein òg be om oppgåver over bestemte grupper veljarar (typisk førstegongsveljarar). Eventuelle kostnader for kommunen skal dekkast av framleggsstillar.
     
  • Materiell som byggjer på manntalet skal berre brukast til politiske føremål. Det er ikkje høve til å overlate manntal til utanforståande med mindre føremålet er politisk bearbeiding. Med utanforståande er meint dei som ikkje er medlem av eller har anna tilknyting til partiet/gruppa. Det er ikkje til hinder for at partiane lar ikkje medlemmer - t.d. datasentral - få tilgong til opplysningane til partiet sitt politiske føremål.
     
  • Uttrekk av manntalet skal ikkje nyttast til kommersielle føremål.
     
  • Manntalsopplysningar eller opplysningar som er basert på manntalet skal ikkje selgast eller lånast ut.
     
  • Det er ikkje tilgong til å koble manntalet til andre offentleg registre.

 

Valstyret

Valstyret har ansvar for førebuing og gjennomføring av val i Askvoll kommune.
 

Det er kommunestyret som vel valstyret. Kommunestyret gjorde i sak 091/15 vedtak om at valstyret er personidentisk med Askvoll formannskap.


Møteplan for valstyret med oversikt over saker og vedtak finn du her


Sidan røystinga på valdagen går føre seg på fleire stader i Askvoll kommune, er det oppnemnd eit røystestyre på kvart stad (jf. valgl. § 4.2.).

Ole André Klausen

Ordførar
Telefon : 57 73 07 02
Mobil : 48 03 72 85
E-post : Send e-post

 

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post