Slik kan du påverke politisk

Nedanfor finn du ein oversikt over korleis du kan engasjere deg politisk:
 

Innbyggjarframlegg

Som innbyggjar i kommunen (eller fylkeskommunen) har du rett til å krevje at eit konkret forslag blir behandla av kommunestyret (eller fylkestinget). Du må ha støtte frå andre innbyggjarar for forslaget ditt.

Kven kan fremje forslag?

Innbyggjarar som er registrerte som busette i kommunen (dersom forslaget blir fremja for kommunen) eller i fylket (dersom forslaget blir fremja for fylkeskommunen). Forslag kan òg fremjast av personar under 18 år.
 

Kriteria for å kunne fremje eit forslag

Eit forslag må ha støtte frå minst to prosent av innbyggjarane. Likevel er det alltid nok om du kan dokumentere støtta til forslaget med 300 underskrifter i kommunen eller 500 i fylket. Det må klart gå fram at underskrivarane støttar det som forslaget går ut på.

I den same valperioden kan det ikkje fremjast forslag dersom dette har:

  1. same innhaldet som eit tidlegare forslag

  2. same innhaldet som ei sak som er behandla av kommunestyret eller fylkestinget i løpet av valperioden

Kommunestyret (eller fylkestinget) står fritt til å ta saka opp til behandling sjølv om vilkåra for eit innbyggjarinitiativ ikkje er oppfylte.


Handsaming av forslaget

Kommunestyret (eller fylkestinget) må sjølv ta stilling til det forslaget som blir fremja.

Kommunestyret (eller fylkestinget) skal ta stilling til eit forslag innan seks månader etter at det er blitt fremja. Tidsfristen gjeld ikkje dersom forslaget viser til behandling i samband med ei pågåande plansak etter plan- og bygningslova. Som initiativtakar skal du eller dykk bli orienterte om dei avgjerdene som blir tekne med bakgrunn i forslaget.


Korleis formulere eit forslag

Du må formulere eit forslag om det du ønskjer kommunestyret (eller fylkestinget) skal ta stilling til. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har utarbeidd ein rettleiar om innbyggjarforslag.


Lov- og regelverk

Offentleg spørjetid

Alle som er busett i Askvoll kommune kan stille spørsmål til ordføraren, kommunestyret eller einskildmedlemmer i kommunestyret.
 

Når er det offentleg spørjetid?

Det er høve til å stille spørsmål før kvart kommunestyremøte. Spørjetida opnar ved det tidspunktet som er annonsert kommunestyret er kalla inn til, men før det formelle kommunestyremøtet vert sett. Tida for spørsmål vert avgrensa til 30 minuttar.

Sjå møteplanen for kommunestyret


Kva spørsmål kan eg stille?

Spørsmål må gjelde kommunale tilhøve og vere av allmenn interesse for kommunen sine innbyggjarar. Spørsmåla skal vere korte og det må normalt berre ta eitt minutt å stille dei, og inntil 2 minutt å svare. Utover dette kan du likevel få tid til inntil to korte oppfølgingsspørsmål.

Spørsmål om saker på sakslista til aktuelle møtet, vert avvist.
 

Må eg sende inn spørsmålet mitt i forkant av spørjetida?

For å sikre at du skal få eit tilfredsstillande svar i spørjetida, bør du sende spørsmåla til ordføraren med kopi til administrasjonen seinast 2 arbeidsdagar før møtet. Spørsmål som er framsett munnleg under møtet, og som ikkje kan svarast på på ein forsvarleg måte med ein gong, vert utsett til neste møte.


Reglement for offentleg spørjetid

Kunngjeringar

På kommunen si heimeside under "kunngjeringar" finn du saker som Askvoll kommune sender ut til offentleg høyring, og som du kan sende innspel til. 

Ta kontakt med ein politikar i kommunestyret

Dersom du ønskjer å påverke ei lokal sak, kan du kontakte en politiker i kommunestyret.