Koronaviruset

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

For testing kontakt legekontoret på tlf. 57 73 46 00 måndag til fredag før kl. 11.00

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Arealdelen av kommuneplanen – vedtak av planen

Askvoll sentrum sommaren 2012.
  - Klikk for stort bilete

I samsvar med plan- og bygningslova § 11-15 vedtok kommunestyret i møte den 14. oktober 2015 arealdelen av kommuneplanen.

 



Kommunestyret vedtok ein del endringar i planen som går fram av vedtaket i saksutgreiinga.

Plandokumenta vert no oppdatert i samsvar med dei endringane i vedtaket.

I mellomtida kan du sjå planframlegget til arealdelen slik den låg ut til 2.gongs offentleg ettersyn i perioden 06.juli 2015 - 16.august 2015, lenger nede i artikkelen.

Arealdelen består av plankart, planskildring, planføresegner, konsekvensutgreiing og ROS-analyse. Plankart og føresegner seier korleis areala i kommunen skal brukast. I planskildringa er det gjort greie for hovudtrekka i planen, og i konsekvensutgreiinga går det fram korleis dei ulike innspela om arealbruk er vurdert.

Arealdelen er utarbeidd ut frå det vedtekne planprogrammet, og byggjer på føringane i samfunnsdelen av kommuneplanen.
 

Sjå framlegget til arealdel:

Plankarta kan vere vanskeleg å lese, sjå tips under.

plankart (A1) Førdefjorden (PDF, 17 MB)

plankart (A1) Stongfjorden (PDF, 22 MB)

plankart (A1) Holmedal (PDF, 16 MB)

plankart (A1) Askvoll/Atløy (PDF, 22 MB)

plankart (A1) Bulandet/Værlandet (PDF, 12 MB)

plankart (A1) Heile kommunen (PDF, 10 MB)

plankart (A3) forstørra Stongfjorden sentrum (PDF, 5 MB)

plankart (A3) forstørra Holmedal sentrum (PDF, 5 MB)

plankart (A3) forstørra Askvoll sentrum (PDF, 5 MB)

plankart (A3) forstørra Herland (PDF, 5 MB)

planskildring (PDF, 8 MB)

planføresegner (PDF, 624 kB)

konsekvensutgreiing (KU) del 1 Innleiing, Førdefjorden krins, Stongfjorden krins (PDF, 21 MB)

konsekvensutgreiing (KU) del 2 Holmedal krins, Askvoll krins (PDF, 18 MB)

konsekvensutgreiing (KU) del 3 Atløy krins, Bulandet/Værlandet krins, oppsummering (PDF, 19 MB)

ROS-analyse (PDF, 3 MB)

Papirversjon er lagt ut på Kvammen handel, Stongfjorden handel, JK Størdal Eftf. i Holmedal, Atløy daglegvarer, Værlandet handel og rådhuset i Askvoll.

 

TIPS:

Plankarta inneheld mange lag med informasjon oppå kvarandre, og det kan vere vanskeleg å sjå kva som eigentleg er teikna inn. Det går an å velje vekk lag slik at ein berre ser eitt eller nokre få lag om gongen. Det gjer du på følgjande måte:

Klikk på lenka til eitt av plankarta i teksten over. Når plankartet opnar seg, held du musepeikaren nedst på midten av kartet. Då kjem til syne ei grå line med ulike «knappar». Lengst til høgre er eit Adobe-symbol. Klikk på det. Då opnar kartet seg på nytt i eit litt anna bilete, og det kjem fram ein grå marg til venstre. Nedst i margen er eit symbol som skal likne to lag oppå kvarandre. Klikk på det. Det kjem då fram ein ny marg med tekst. Klikk på pluss-teiknet. Då ser du alle laga som er i plankartet. Dersom du klikkar på det vesle auge-symbolet framfor ei line, viser ikkje lenger det laget i plankartet. Klikkar du ein gong til, viser laget att. På den måten kan du td. ta vekk teksten og omsynssonene, slik at det vert lettare å sjå kva arealføremål som er teikna inn.

Sjå fleire dokument i saka