Vedteken kulturminneplan for Askvoll kommune 2019-2023

Steingardar i kulturlandskap - Klikk for stort bilete Askvoll kommunestyre vedtok i møte 18.09.2019 Kulturminneplanen for Askvoll kommune 2019-2023 (PDF, 3 MB).

Kulturminneplanen skal vere eit verktøy for forvaltninga av kulturminna i Askvoll kommune. Han vil vere eit hjelpemiddel til å prioritere mellom dei mange forskjellige kulturminne vi har frå ulike historiske periodar. Ei anna viktig side ved planen er å kartlegge og formidle kunnskap om kulturminna våre.

Planen legg opp til at enkeltpersonar, organisasjonar og andre som jobbar med kulturminne i Askvoll kommune, lettare skal få tilgang til støtteordningar og midlar.  Å vere nemnt i planen vil vere ein fordel til dømes i søknadsprosesser opp mot kulturminnefondet og andre tilskotsordningar.

Kontakt

Liv Synnøve Andersen

Rådgjevar landbruk
Telefon : 57 73 07 38
E-post : Send e-post