Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Utsett søknadsfrist for tilskot til kultur- og ungdomsaktivitetar

Teater på Kyrkjebakken 12. og 13.aug. 2011, kl 21:30 - Klikk for stort bileteGrunna koronavirusutbrotet er fristen for søknader om tilskot til kultur- og ungdomsaktivitetar utsett til 1.oktober 2020.  





 

Smittevernreglar for arrangement

Askvoll kommune har to tilskotsordningar for kultur: kulturmidlar og Ung i Askvoll-midlar. Støtte frå desse ordningar vert i hovudregel gjeve som aktivitetsstøtte. Grunna koronavirusutbrotet har det ikkje vore mogleg å planlegge og gjennomføre aktivitetar med fysisk oppmøte. 

For sommaren 2020 rår Helsedirektoratet frå å arrangere kultur- og idrettsarrangement med meir enn 500 deltakarar i perioden frå 15.juni til og med 31.august 2020. Helsedirektoratet held på å utarbeide retningsliner for planlegging og gjennomføring av arrangement og samlingar med færre enn 500 deltakarar, og det er varsla at det vil komme ei avgjerd i dag, 30.april.

Av den grunn vert fristen for å søkje om tilskot frå kulturmidlar og Ung i Askvoll-midlar utsett til 1.oktober 2020, slik at lag og organisasjonar får høve til å kunne planlegge og gjennomføre aktivitetar i tråd med gjeldande reglar for smittevern.
 

Kulturmidlar:

I 2020 er det kr. 70.000 til fordeling. Grunna utsetjinga av søknadfristen til 1.oktober, vert det i 2020 berre ein søknadsrunde.

Kven kan søkje:

Frivillige lag/organisasjonar og einskildpersonar heimehøyrande i kommunen, som lagar til aktivitetar innanfor tradisjonelt kulturarbeid (t.d teater, musikk, dans, film), barne- og ungdomsarbeid, idretts- og andre aktivitetar.

Korleis kan du søkje:

Søknad om kulturmidlar må sendast elektronisk innan 1.oktober 2020.

Ung i Askoll-midlar

Askvoll ungdomsråd fordeler ålreg tilskot frå ordninga "Ung i Askvoll". I 2020 har ungdomsrådet kr. 15.000 til fordeling.

Kven kan søkje:

Ungdom mellom 13 og 20 år frå Askvoll kommune, både einskildpersonar og grupper. Det kan søkjast om støtte til musikk, teater/film, kurs og fritidsaktivitetar, m.m. Mdlane kan søkjast av ungdommar og vere for ungdommar.

Korleis kan du søkje:

Søknad om tilskot frå "Ung i Askvoll" skal sendast elektronisk innan 1.oktober 2020.

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post