Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Telenor søkjer potensielle brukarar til 5G-pilotprosjekt

Telenor er i gang med å teste 5G mobilnett i Flokeneset, og ønskjer å rekruttere inntil 50 potensielle brukarar av 5G-piloten.  

Klikk for stort bilete

Neste fase i 5G-pilotprosjektet

5G-piloten til Telenor har gått føre seg i fleire månader med eit avgrensa tal brukarar. Ifølgje Telenor er erfaringane frå desse brukarar gode, og piloten skal no over i neste fase. Til denne fasen ønskjer Telenor å invitere inntil 50 brukarar for å teste heimebreiband over 5G.
 

Kriteria for deltaking i 5G-pilotprosjektet

Pilotbrukarane må vere innanfor ein radius på 5 km. frå mobilstasjonen på Flokeneset. Det inneber at piloten dekkjer område både i Askvoll, Kinn og Sunnfjord kommune (sjå òg kartet over).

På Telenor sin nettside finn du meir informasjon om pilotprosjektet og kriteria for deltaking:

Påmeldingsskjema

Er du interessert i å delta som pilotbrukar? Då kan du registere deg innan 8.mai ved å fylle ut elektronisk påmeldingsskjema.

Telenor vil ta kontakt direkte med akuelle deltakarar.
 

Pressemelding

På nrk.no/vestland kan du lese pressemeldinga om 5G-piloten.