Spelemidlar og høyring handlingsprogram til kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet

Basketballkurv med basketball opp i - bilete - Klikk for stort bileteBilde av Pixabay frå Pexels
Handlingsprogrammet til kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv ligg ute til offentleg ettersyn til 20.september 2021. 

Utkast til handlingsprogram

Du kan laste ned høyringsutkastet her: 


Her finn du gjeldande kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet: 

Askvoll kommunestyre vedtok i KOM-sak 097/20 at gjeldande kommunedelplanen vert forlenga med eitt år, og difor gjeld planen ut 2022. 


Kva er handlingsprogrammet?

For å kunne søkje om tilskot frå spelemiddelordninga til bygging eller rehabilitering av anlegg til idrett og fysisk aktivitet, er det eit vilkår at anlegget er tatt opp i handlingsprogrammet til kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Planen sitt handlingsprogram skal rullerast kvart år, og rulleringa utgjer grunnlaget for tildeling av spelemidlar. 


Innsending av innspel

Innspel eller merknader til handlingsprogrammet skal sendast innan 20.september 2021 via: 


Kva innspel skal vi gje?

  • Vi planlegg nytt anlegg eller rehabilitering av eksisterande anlegg:
    Ved den årlege rulleringa er det høve å ta inn anlegg frå uprioritert liste i kommunedelplan (kap. 8 s.19) eller ta inn nye tiltak som ikkje er del av vedteken plan. Ein føresetnad for å komme inn i handlingsprogrammet er at laget ditt er klar for å kunne søkje spelemidlar i 2022, det vil seie at prosjektet er fullfinansiert. Meld inn ditt prosjekt til oss innan fristen, og send oss informasjon om tiltaket, kostnaden, evt. dugnad og søknadssum.

  • Vi har anlegg i handlingsprogrammet, men har ikkje søkt om spelemidlar enno:
    Gje oss ei tilbakemelding om når du planlegg å søkje spelemidlar (2022 eller seinare). Kontroller at totalkostnaden for anlegget stemmer med tala som står i handlingsprogrammet. Gje oss òg tilbakemelding dersom prosjektet ikkje lenger skal realiserast.


Når og korleis må sende inn spelemiddelsøknaden? 

Frist for innsending av spelemiddelsøknaden er 1.oktober 2021.

Fristen gjeld både for dei som søkjer for første gong og for dei som fornye eller gjenta søknaden frå tidlegare år.
Spelemiddelsøknaden skal registrerast elektronisk på portalen Anleggsregisteret.no: 
 

Send inn spelemiddelsøknad på anleggsregisteret.no.


På denne portalen finn de òg informasjon om tilskotsordninga, samt rettleiing og hjelp til søknaden.


Meir informasjon om spelemiddelordninga

Kulturdepartementet gjev årleg ut føresegner om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (publikasjonen V-0732) som du finn her: 

Alle som søkjer spelemidlar må gjere seg kjende meg innhaldet i gjeldande føresegner. Dei inneheld òg oversikt over kva type anlegg som får tilskot frå spelemidlar med gjeldande tilskotssatsar.

Nettstaden Gode idrettsanlegg er ein ressurs for anleggseigar og prosjekteigar, med rettleiarar og
mange gode døme på gjennomførte anlegg, kontaktinformasjon til dei som har drive prosjekta, samt
dokumentasjon frå gjennomføringa. Vi oppmodar alle å ta ein titt på denne nettstaden.

 

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post