Kunngjering om tildeling av einerett til Sunnfjord Miljøverk

Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 har Askvoll kommune tildelt einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS for utføring av kommunen sine lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 26 første og tredje ledd, § 29 tredje ledd og § 30 med underliggande forskrifter. Vidare er Sunnfjord Miljøverk IKS, med same heimel, også tildelt einerett for tømming og mottak av slam frå kommunale slamavskiljarar, mottak av slam frå kommunale reinseanlegg og innsamling, mottak og behandling av avfall frå kommunale verksemder/institusjonar.

Vedtak om einerettstildeling blei fatta av formannskapet i Askvoll kommune sak 140/19, samt ved vedtak i Askvoll kommunestyre sak 042 og 043/19.

Vedtaka har følgjande ordlyd:

 

Formannskapet i Askvoll kommune sak 140/19:

Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 tildeler Askvoll kommune med dette eineretten til Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) for utføring av kommunen sine lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 29 tredje ledd og § 30 med underliggande forskrifter.

Den tildelte eineretten kan delegerast vidare av SUM til selskap som oppfyller vilkåra for å vere offentlegrettslege organ, jf. anskaffelsesforskrifta § 1-2 (2).

Vedtaket er gjort i samsvar med § 13 i kommunelova ("hasteparagrafen")

Askvoll kommunestyre 042/19

  1. Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 tildeler Askvoll kommune med dette eineretten til Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) for tømming og mottak av slam frå kommunale slamavskiljarar, mottak av slam frå kommunale reinseanlegg og innsamling, mottak og behandling av avfall frå kommunale verksemder/institusjonar.
  2. Den tildelte eineretten kan delegerast vidare av SUM til selskap som oppfyller vilkåra for å vere offentlegrettslege organ, jf. anskaffelsesforskrifta § 1-2 (2).

Askvoll kommunestyre 043/19

Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 tildeler Askvoll kommune med dette eineretten til Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) for utføring av kommunen sine lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 26 første og tredje ledd med underliggande forskrifter.

Den tildelte eineretten kan delegerast vidare av SUM til selskap som oppfyller vilkåra for å vere offentlegrettslege organ, jf. anskaffelsesforskrifta §1-2 (2).