Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Høyring: lokal forskrift vedr. innkrevjing av farvassavgift

Klikk for stort bileteUtkast til nye lokale forskrifter vedrørande innkrevjing av farvassavgift ligg no ute på høyring.



 

Om Alden hamneområde

Alden hamneområde består av kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Kinn (farvatnet sør for Bremanger) og Sunnfjord.

Høyringsutkast og frist for innspel

I samband med at det frå 01.01.2020 vart gjeldande ny hamne- og farvasslov, vil det vere behov for reviderte lokale forskrifter vedrørande innkrevjing av farvassavgift.

Alden hamneråde vedtok 16.04.2020 utkast til nye forskrifter. Desse vert no sendt på høyring, før dei deretter må opp til handsaming i dei respektive medlemskommunane sine kommunestyrer.

Farvassavgifta skal dekke kommunen sine kostnader til oppgåvene nemnt i hamne- og farvasslova §36 andre ledd.

Høyringsinnspel skal sendast til hamn@kinn.kommune.no innan 15.juni 2020.

Klikk for stort bilete