Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Detaljregulering for Atløysambandet – offentleg ettersyn

Klikk for stort bilete 

Framlegg til detaljregulering for Atløysambandet er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 18.05.20 - 28.06.20.

I samsvar med plan- og bygningslova §12-10 vedtok formannskapet i møte 18.05.20, sak FOR 067/20, å legge framlegg til detaljregulering for Atløysambandet ut til offentleg ettersyn.

Sjå vedtaket til formannskapet.

 

Føremålet med planarbeidet er å regulere fylkesveg mellom Grov på Atløy og Askvoll skule. Vegen er planlagt å gå frå kryss med eksisterande fylkesveg (Herlandsvegen) på Grov austover forbi Atløy skule, vidare over Søre og Nordre Sauesundsøy, over Prestøy, gjennom Olsetvikane og over Askvika og opp til kryss med eksisterande fylkesveg (Fv608) ved Askvoll skule. Det skal byggjast bruer over Sauesundet (ca. 110m lang), Granesundet (ca. 925m lang) og Olssundet (ca. 210m lang). På siste del av strekninga, frå Olsetvikane og til Askvoll skule, vert traséen lagt oppå eksisterande kommunal veg. Krysset ved Askvoll skule vert flytta noko mot aust, for å betre stigningstilhøva, sikt og trafikktryggleik. Vegen skal dimensjonerast som hovudveg (Hø1) med fartsgrense 80 km/t (60 km/t forbi Atløy skule). Frå Atløy skule til Askvoll skule er det planlagt separat gang- og sykkelveg på sørsida av vegen. På bruene skal det vere gang- og sykkelareal skilt frå køyrevegen med rekkverk, og på vegfyllinga over Askvika er det eksisterande fortau.

 

Planframlegget er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 18.05.20 - 28.06.20.

Innspel må vere kommunen i hende seinast 28.06.20.

Slik sender du innspel:

  • via elektronisk skjema for høyringuttale
  • per e-post til postmottak@askvoll.kommune.no
  • per post til Askvoll kommune, pb. 174, 6988 Askvoll

 

Sjå framlegget til reguleringsplan:

 

Sjå fleire dokument i saka

Kommunedelplan for Atløysambandet - arkivsak

Kontakt

Kjersti Sande Tveit

Plan- og miljøvernleiar
Telefon : 57 73 07 08
E-post : Send e-post