Finn viktig informasjon om:

 

Kunngjeringar

Saker som Askvoll kommune sender ut til offentleg høyring, kunngjeringar om forvaltningsvedtak og anbodskonkurranser vert lagt ut her. 


Slik sender du innspel

Slik kan du gje uttale til planar som ligg ute til offentleg ettersyn:

Publisert 08.07.2022


Atløy, båt & marina søkjer om etablering av landbasert konsesjon for oppdrett av 4 000 tonn postsmolt på Natura, Atløy. Søknaden er lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 08.07.2022 - 26.08.2022.

Publisert 10.02.2022

Askvoll kommune har to tilskotsordningar for kulturaktivitetar: kulturmidlar og Ung i Askvoll-midlar. Søk innan 1.mai.

 

Publisert 01.02.2022

Innføring av gebyr for søknader om utsleppsløyve og gebyr for tilsyn med separate avløpsanlegg.

Askvoll kommunestyre vedtok 15.12.2021 «forskrift om gebyr for sakshandsaming og tilsyn av avløpsanlegg». Grunnlaget for forskrifta er å kunne ta gebyr for arbeidet med søknadar om nye og endra utsleppsløyve for separate avløpsanlegg, og å føre tilsyn med eksisterande avløpsanlegg.

 

Publisert 31.01.2022


Med heimel i budsjettvedtak 21/13670 og i samsvar med eigedomsskattelova § 14 og 15 og § 6-2 og § 6-3 i Askvoll kommune sine eigedomsskattevedtekter, vert eigedomsskattelistene lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker, f.o.m. 01.02.2022.

Publisert 07.01.2022
Foto av Holmedal bygdehus

Er du med i ein organisasjon som driv eit kulturbygg i Askvoll kommune? Innan 14.mars 2022 kan du søkje om støtte frå ordninga Tilskot til kulturbygg i Vestland. 

 

Publisert 21.12.2021

Fleire minstepensjonistar, uføre og andre med låg inntekt kan få bustøtte i vinter. For å få utbetaling må du søke innan 31. desember.

 

 
Publisert 29.11.2021

Skorvetunnelen treng vedlikehald, og fv. 609 mellom Askvoll og Førde blir stengd på kveld og natt dei neste vekene. Arbeidet startar måndag 29. november.


 

Publisert 02.10.2019

Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 har Askvoll kommune tildelt einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS for utføring av kommunen sine lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 26 første og tredje ledd, § 29 tredje ledd og § 30 med underliggande forskrifter. Vidare er Sunnfjord Miljøverk IKS, med same heimel, også tildelt einerett for tømming og mottak av slam frå kommunale slamavskiljarar, mottak av slam frå kommunale reinseanlegg og innsamling, mottak og behandling av avfall frå kommunale verksemder/institusjonar.

Vedtak om einerettstildeling blei fatta av formannskapet i Askvoll kommune sak 140/19, samt ved vedtak i Askvoll kommunestyre sak 042 og 043/19.

Publisert 24.08.2015
Askvoll sentrum sommaren 2012.

I samsvar med plan- og bygningslova § 11-15 vedtok kommunestyret i møte den 14. oktober 2015 arealdelen av kommuneplanen.