HAFS regionråd

HAFS - logo - Klikk for stort bilete

Askvoll kommune er medlem i HAFS regionråd

 

Foto: Roald Nordeide - Klikk for stort bilete

Kva er HAFS regionråd?

HAFS regionråd er eit politisk samarbeidsorgan for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Gulen, og er kommunane sitt felles ansikt utad. Formålet til regionrådet er å utgreie og løyse viktige og strategiske saker av felles interesse i regionen. Rådet skal ivareta interessene til regionen ovanfor fylket, stat og andre organ på regions-, fylke- og riksplan. 

Satsingsområde i regionen

Saker som HAFS regionrådet ser på som viktige i vår region er m.a. utvikle og profilere gode bu- og arbeidsområde, skuleutvikling, arrangere felles rekruteringsmesse, reiseliv, kommunikasjon og næringsutvikling. Eit aktuelt døme på det siste er industriutbygginga på Lutelandet.

Deltakarane i regionrådet

Regionrådet består av ordførarar og rådmenn i medlemskommunane. Leiarvervet går på omgang, og for tida er det ordførar i Fjaler kommune, Gunhild Berge Stang som er leiar for regionrådet.

Kontaktinformasjon

HAFS regionråd
6963 Dale
tlf. 915 89 681
e-post: per.arne.tveit@fjaler.kommune.no

 
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Per Arne Tveit

Sekretær HAFS Regionråd
Mobil : 91 58 96 81
E-post : Send e-post