For folkevalde

Her finn du informasjon for folkevalde, som t.d. lokale reglement og retningsliner, lenker til lover og aktuelle heimesider og skjema for bruk til krav om tapt arbeidsforteneste og refusjon av reiseutgifter

 

Møteportalen 

I Møteportalen finn du innkallingar, sakspapir og protokollar til politiske møte. Du kan fremje forslag og finne kontaktinformasjon til politikarar.
For å komme inn i møteportalen, må du vere registrert folkevald og/eller har fått tilgang frå møtesekretær. Du loggar deg på via ID-porten/MinID. 
 

Inlogging til Acos Møteportal
 

Reglement og retningliner 

Godtgjersle

Styre, råd og utval i Askvoll kommune


Registrering av styreverv

For å sikre høg etisk standard i saksbehandlinga og å oppnå tillit blant innbyggjarane, er Askvoll kommune knytt til Styrevervregisteret. Folkevalde vert oppmoda til å melde inn opplysningar om verv som kan ha innverknad på habilitet. 

Registreringa av folkevalde, tilsette og styremedlemmer skjer på frivillig basis. 

Gå til portalen www.styrevervregisteret.no, menyval: «Logg inn for vervinnehavere» og vel «Logg inn med ID-porten til Direktoratet for Forvaltning og IKT (Difi)». Første gong du loggar inn, kan du bli spurt om e-postadresse. Denne legg du inn. Du vil deretter få ein e-post med ei personleg lenke. Følg denne lenka, og logg inn på nytt.