Høyring - lokale forskrifter etter ny opplæringslov 1. august 2024

Askvoll kommune legg ut på høyring fire utkast til lokale forskrifter til ny opplæringslov som tredde i kraft 1. august 2024.

Frist for å sende inn innspel er 11. oktober 2024.

Kommunar og fylkeskommunar pliktar å sørgje for høyring, vedtak og offentleggjering av eigne lokale forskrifter i samsvar med ny opplæringslov som tredde i kraft 1. august 2024.

Den nye opplæringslova inneheld fleire område der kommunar og fylkeskommunar skal gje forskrifter, i tillegg til område der dei kan gje forskrifter.

Askvoll kommune legg fylgjande fire utkast ut på høyring:

  • Lokal forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæring i Askvoll kommune
  • Lokal forskrift om skulereglar for dei offentlege skulane i Askvoll kommune
  • Lokal forskrift om hovudmål på skulane i Askvoll kommune
  • Lokal forskrift om skule- og feriedagar for elevane i Askvoll kommune

Alle fire forskriftene skal kunngjerast på Lovdata. Før kunngjering må dei vere høyrde og vedtekne i Askvoll kommunestyre.

Her kan du lese høyringsutkasta:

Høyringsbrev - lokale forskrifter etter ny opplæringslova 1. august 2024 (PDF, 195 kB)

Høyringsutkast - Lokale forskrifter etter ny opplæringslova 1. august 2024 (1) (PDF, 227 kB)

Slik sender du innspel:

Send innspel innan 11. oktober 2024. Innspel som kjem inn etter fristen blir ikkje teke med,  då saka skal til politisk handsaming.

Send inn innspel på ein av fylgjande måtar:

Har du spørsmål?

Du kan ringe eller sende e-post til kommunalsjef for oppvekst, Kristen Holt om det er noko lurer på.

Kristen Holt
Kommunalsjef oppvekst
Oppvekstetaten
E-post
Telefon 57 73 07 21
Mobil 99 44 60 68