Varslingssystemet Varsling24

Askvoll kommune nyttar varslingssystemet Varsling24 til å sende ut viktig informasjon til innbyggjarar i samband med hendingar som til dømes stenging av kommunal vassforsyning, kokevarsling for drikkevatn, stengte vegar, evakuering og andre situasjonar som krev rask informasjon

 

Innbyggjarvarsling

Varslingar vert sendt på SMS til mobiltelefon, talemelding til fasttelefon og e-post.
 

Viktig: Korleis kan eg få varslingar?

Det er to ulike registre som vert nytta for å nå deg som bur fast eller mellombels i Askvoll kommune:

  1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon. I dette felles nasjonale kontaktregisteret oppmodar vi å legge inn både mobiltelefon og e-postadresse då mange henvendingar frå det offentlege vil føregå her i framtida.

  2. www.varslemeg.no som er eit tilleggregister du kan nytte dersom du ønskjer å motta varslingar for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadsadresse på. Her kan du også sjekke om du er har fått varsling under "Har jeg blitt varslet?"

Bedrifter må registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på linken www.varslemeg.no. Du kan registrere så mange nummer du vil per adresse.

NB! Når du har telefonabonnement som ikkje er knytt til din bustadsadresse eller du har hemmeleg nummer, må du sjølv registere deg som mottakar av slike varslingar på nettstaden www.varslemeg.no.
 

Tova Kjæmpenes
Ass. kommunedirektør/beredskapskoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 04
Mobil 91 12 83 90