OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Rådmann og stab

Kommunedirektør og stab

Kommunedirektøren er den øvste administrative leiaren for kommunen, og har det formelle ansvaret for at verksemda vert driven i samsvar med rammene som kommunestyret vedtek. 

Martin Lundgård er kommunedirektør i Askvoll kommune.

Tova Kjæmpenes er assisterande kommunedirektør.

Kommunedirektøren sitt mynde og oppgåver er lovregulert i kommunelova. Kommunedirektøren skal sjå til at saker som skal handsamast politisk, er ordentleg utreda, og at det som er vedtatt vert iverksett. Ein rekke avgjerda har den politiske leiinga delegert til kommunedirektøren. 

Leiargruppa

Kommunedirektøren sin leiargruppa består av assisterande kommunedirektør, økonomisjef, bygg- og eigedomssjef, teknisk sjef, landbrukssjef, kommunalsjef helse og omsorg, kommunalsjef oppvekst og NAV-leiar. 

Gruppa og den einskilde kommunalsjef har ansvar på vegner av kommunedirektøren innanfor sine fagområde.

Verksemdene utfører tenester i samsvar med enkeltvedtak fatta av forvaltninga. Saker som ikkje treng enkeltvedtak vert regulert av ein heilheitleg avtale mellom leiinga og verksemd innanfor økonomiske ramma som kommunestyret har avgjort.
 

Kommunedirektøren sin stabsfunksjon

Stabsfunksjonen i administrasjonen består av:

  • Ass. kommunedirektør / personalsjef
  • Arkiv- og sekretariatsleiar
  • Rådgjevar
  • Rådgjevar for næring og folkehelsekoordinator
  • Prosjektingeniør
  • Flyktningskonsulent
  • Økonomiavdeling
  • Bygg- og eigedomsavdeling
  • Teknisk drift m/ vaktmestersentral

Kommunedirektøren sin stabsfunksjon inneheld dei ulike støtte- og styringsfunksjonane i administrasjonen, og yter bistand til dei andre kommunalområde slik at tenestene i kommunen vert best mogleg. Desse kommunalområda er:

Oppvekstetaten:

Oppvekstetaten yter tenester innan fylgjande områder:

  • Administrasjon
  • PPT og kjøp av spesialpedagogiske tenester frå andre
  • Vaksenopplæring og norskopplæring for framandspråklege
  • Skuleskyss
  • Grunnskuletilbod og SFO fordelt på fire skular (Askvoll, Atløy, Gjelsvik og Bulandet skule)
  • Kulturskule
  • Barnehagetilbod fordelt på seks barnehager (Røverompa barnehage, Nipa barnehage, Gjelsvik barnehage, Holmedal barnehage, Bulandet barnehage og Stongfjorden barnehage)
  • Askvoll Bibliotek

Helse og omsorg:

Etaten består av fylgjande seksjonar:

  • Seksjon helse
  • Seksjon heimetenester
  • Seksjon bu- og miljøteneste
  • Seksjon I Askvollheimen
  • Seksjon II Askvollheimen

Landbruksforvaltninga Askvoll-Fjaler-Hyllestad (LAF):

Landsbruksforvaltninga er eit interkommunalt samarbeid mellom Askvoll, Fjaler og Hyllestad der Askvoll kommune er vertskommune.

NAV Askvoll:

HAFS Interkommunale barnevernsteneste:

HAFS interkommunale barnevernsteneste har ansvar for barneverntenester i kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Fjaler kommune er vertskommune for tenesta.

Heimesida til HAFS Interkommunale barnevernsteneste

Til toppen