Rådmann og stab

Rådmannen er den øvste administrative leiaren for kommunen, og har det formelle ansvaret for at verksemda vert driven i samsvar med rammene som kommunestyret vedtek. 

Håkon Loftheim er rådmann i Askvoll kommune.

Tova Kjæmpenes er assisterande rådmann og personalsjef.

Rådmannen sitt mynde og oppgåver er lovregulert i kommunelova. Rådmannen skal sjå til at saker som skal handsamast politisk, er ordentleg utreda, og at det som er vedtatt vert iverksett. Ein rekke avgjerda har den politiske leiinga delegert til rådmannen. 

Leiargruppa

Rådmannen si leiargruppa består av assisterande rådmann/personalsjef, økonomisjef, bygg- og eigedomssjef, teknisk sjef, tre kommunalsjefar, og NAV-leiar. 

Gruppa og den einskilde kommunalsjef har ansvar på vegner av rådmannen innanfor sine fagområde.

Verksemdene utfører tenester i samsvar med enkeltvedtak fatta av forvaltninga. Saker som ikkje treng enkeltvedtak vert regulert av ein heilheitleg avtale mellom leiinga og verksemd innanfor økonomiske ramma som kommunestyret har avgjort.
 

Rådmannen sin stabsfunksjon

Stabsfunksjonen i administrasjonen består av:

  • Ass. rådmann / personalsjef
  • Arkiv- og sekretariatsleiar
  • Rådgjevar
  • Rådgjevar for næring og folkehelsekoordinator
  • Prosjektingeniør
  • Flyktningskonsulent
  • Økonomiavdeling
  • Bygg- og eigedomsavdeling
  • Teknisk drift m/ vaktmestersentral

Rådmannan sin stabsfunksjon inneheld dei ulike støtte- og styringsfunksjonane i administrasjonen, og yter bistand til dei andre kommunalområde slik at tenestene i kommunen vert best mogleg. Desse kommunalområda er:

Oppvekstetaten:

Oppvekstetaten yter tenester innan fylgjande områder:

  • Administrasjon
  • PPT og kjøp av spesialpedagogiske tenester frå andre
  • Vaksenopplæring og norskopplæring for framandspråklege
  • Skuleskyss
  • Grunnskuletilbod og SFO fordelt på fire skular (Askvoll, Atløy, Gjelsvik og Bulandet skule)
  • Kulturskule
  • Barnehagetilbod fordelt på seks barnehager (Røverompa barnehage, Nipa barnehage, Gjelsvik barnehage, Holmedal barnehage, Bulandet barnehage og Stongfjorden barnehage)
  • Askvoll Bibliotek

Helse og omsorg:

Etaten består av fylgjande seksjonar:

  • Seksjon helse
  • Seksjon heimetenester
  • Seksjon bu- og miljøteneste
  • Seksjon I Askvollheimen
  • Seksjon II Askvollheimen

Landbruksforvaltninga Askvoll-Fjaler (LAF):

Landsbruksforvaltninga er eit interkommunalt samarbeid mellom Askvoll og Fjaler, der Askvoll kommune er vertskommune.

NAV Askvoll:

  • Arbeids- og velferdsforvaltninga Avd. Askvoll
  • Telefon: 55553333
  • E-post: nav.askvoll@nav.no

HAFS Interkommunale barnevernsteneste:

HAFS interkommunale barnevernsteneste har ansvar for barneverntenester i kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Fjaler kommune er vertskommune for tenesta.

Heimesida til HAFS Interkommunale barevernsteneste

Kontakt

Håkon Loftheim

Rådmann
Telefon : 57 73 07 03
Mobil : 913 89 474
E-post : Send e-post