Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Personvernombod

Personvernombodet skal jobbe for at personvernet til tilsette og innbyggarane vert behandla på ein god måte i tråd med norsk lovgjevnad og EU sin personvernforordning (GDPR).

Felles personvernbod

Askvoll kommune har i samarbeid med fleire andre kommunar i Ytre Sogn og Sunnfjord (SYS-kommunar) tilsett personvernombod. Du kan kontakte personvernombodet om du treng hjelp eller det er noko du lurar på om kommunen sin lagring av personopplysningar eller personvern. 

Personvernombod for SYS-kommunane er Carl Nyborg-Christensen. Kontaktinformasjon til personvernombodet er:

Obs! Ikkje send sensitive personopplysningar på e-post.
 

Kva gjer personvernombodet?

Personvernombodet skal blant anna bidra til at verksemda:

  • Informerer om kva personopplysningar som vert samla inn og kvifor.
  • Held oversikt over opplysningane som vert behandla.
  • Gje innsyn til den opplysningane gjeld.
  • Kontrollerer tilgangen til opplysningane.
  • Ber om samtykke frå dei som det vert henta opplysningar frå før opplysningane vert behandla.
  • Beskyttar informasjonen slik at den ikkje kjem på avvege.
  • Vurderer risiko for tryggleiksbrot og konsekvensar av desse.
  • Slettar personopplysningar når det ikkje lenger er behov for desse.

Eit personvernombod er ein ressursperson som styrkjer kommunane sin kompetanse om personvern. Personvernombodet rådgjev verksemda slik at personopplysningar vert behandla på ein god måte og i tråd med regelverket.

Personvernombodet arbeider med personvernspørsmål, til dømes internkontroll og informasjonstryggleik. Dette inneber alt frå handtering av spørsmål om innsyn, retting og sletting til avviksmeldingar og kva vi gjer om personopplysningar kjem på avvege.

 

Teieplikt

Personvernombodet har teieplikt, og kan ikkje få instruksjonar direkte frå kommunen sin leiing.

Du kan og finne meir informasjon om personvernombod på Datatilsynet sine heimesider

Kontakt

Carl Nyborg-Christensen

Personvernombud
Mobil : 95 20 10 04
E-post : Send e-post