Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Innsyn i offentlege dokument og politiske saker

Askvoll kommunen nyttar Acos Innsyn for å publisere offentlege dokument og gje innsyn i dei politiske sakene. Her finn du postlistar som viser inn- og utgåande dokument til/frå kommunen. I tillegg finn du politiske møteplanar, sakslister og vedtak.



Innsyn i offentlege dokument

Retten til innsyn i offentlege verksemder er eit grunnleggande demokratisk prinsipp som er nedfelt i offentleglova. Hovudregelen i lova er at alle dokument i offentleg verksemd er opne for innsyn. Dette betyr at førespurnader inn til kommunen – og svar vi gjev ut – vert registrert i våre fagsystem (journalført) og publisert på våre offisielle postlister

Journalpostar med dokument som er unnateke offentlegheit, er merka med aktuell lovheimel for unntaket. 

I Askvoll kommune kan publikum laste ned inn- og utgåande dokument frå postlista. 


Korleis bruke postlista

postlista kan du velje dato i første kolonne. Dokumenta vert publisert med ei forseinking på 3 dagar etter at dei er journalført. Du kan velje om du vil sjå på inngåande eller utgåande dokument. Klikk på I eller U.

  • Postliste sortert på dato. Under den enkelte dato ligg alle dokument som er sendt inn eller ut frå kommunen.
     
  • Søk etter sak gjer det mogeleg å søke etter opplysningar som er registrert om ei sak, til dømes tittel, sakshandsamar, gards- og bruksnummer med meir.
     
  • Søk etter dokument gjer det mogeleg å søke etter offentlege dokument i databasen. Du kan til dømes søke etter namn/adresse på avsendar eller mottakar, overskrift eller andre registrerte data om dokumentet.

Frå 1. januar 2016 er arkivrutinane til Askvoll kommune digitalisert. For å få eit godkjent fullelektronisk arkiv måtte vi avslutte pågåande saker og gjenopprette dei etter årsskiftet. Difor vil ein del brukarar oppleve at dokument relatert til det som før var ei sak, fordeler seg no over to saker; ei før 2016 og ei frå 2016. Vi har prøvd å gje sakene same namn slik at ein lettare skal kunne søke fram sakene i Innsyn.

 

Politiske saker

Politiske saker finn du under møteplan og saker. Politisk møtekalendar er planlagte møte i dei ulike utvala, komitéane og kommunestyret.

Når det er sendt innkalling til møta vil sakslista vere offentleg og du kan laste ned saksutgreiing og dokumenta. Etter vedtak i politiske organ vil vedtaket stå i dokumentet. 

Vil du vite kven som er representert i dei ulike politiske utvala finn du dette under politiske utval når du klikkar på politikarar. 

Her finn du oversikt over dei partia som er representert i Askvoll kommune.

Kontakt

Askvoll kommune

Rådhuset
Telefon : 57 73 07 00
E-post : Send e-post