Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Koronavaksine  |  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Innsyn i offentlege dokument og politiske saker

Askvoll kommunen nyttar Acos Innsyn for å publisere offentlege dokument og gje innsyn i dei politiske sakene. Her finn du postlistar som viser inn- og utgåande dokument til/frå kommunen. I tillegg finn du politiske møteplanar, sakslister og vedtak. Du har rett til å kreve innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register.
 

Innsyn i offentlege dokument

Retten til innsyn i offentlege verksemder er eit grunnleggande demokratisk prinsipp som er nedfelt i offentleglova. Hovudregelen i lova er at alle dokument i offentleg verksemd er opne for innsyn. Dette betyr at førespurnader inn til kommunen – og svar vi gjev ut – vert registrert i våre fagsystem (journalført) og publisert på våre offisielle postlister

Journalpostar med dokument som er unnateke offentlegheit, er merka med aktuell lovheimel for unntaket. 

I Askvoll kommune kan publikum laste ned inn- og utgåande dokument frå postlista. 


Korleis bruke postlista

postlista kan du velje dato i første kolonne. Grunna kvalitetssikring av dokument, vert dei publisert med ei forseinking på 3 dagar etter at dokumenta er journalført. Du kan velje om du vil sjå på inngåande eller utgåande dokument. Klikk på I eller U.

  • Postliste sortert på dato. Under den enkelte dato ligg alle dokument som er sendt inn eller ut frå kommunen.
     
  • Søk etter sak gjer det mogeleg å søke etter opplysningar som er registrert om ei sak, til dømes tittel, sakshandsamar, gards- og bruksnummer med meir.
     
  • Søk etter dokument gjer det mogeleg å søke etter offentlege dokument i databasen. Du kan til dømes søke etter namn/adresse på avsendar eller mottakar, overskrift eller andre registrerte data om dokumentet.

Frå 1. januar 2016 er arkivrutinane til Askvoll kommune digitalisert. For å få eit godkjent fullelektronisk arkiv måtte vi avslutte pågåande saker og gjenopprette dei etter årsskiftet. Difor vil ein del brukarar oppleve at dokument relatert til det som før var ei sak, fordeler seg no over to saker; ei før 2016 og ei frå 2016. Vi har prøvd å gje sakene same namn slik at ein lettare skal kunne søke fram sakene i Innsyn.

 

Meirinnsyn

Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre innsyn i databasar dersom ein kan søke opp informasjonen på ein enkel måte.
 

Kva dokument kan du få innsyn i?

Du kan bli nekta innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i:

  • Sakliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevalt organ.
     
  • Dokument til/frå kontrollutvalet eller klagenemnda i kommunen eller den kommunale revisjonen.
     
  • Dokument til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig avgjerdsmynde for saka dokumentet gjeld.
     

Kriterium

Krev du innsyn i saksdokument, må kravet gjelde ei bestemt sak, eller i rimeleg grad saker av ein bestemt art.
 

Pris

Kommunen kan kreve betalt for utskrifter, kopiar og utsending når sidetalet i ei sak er over 100. Då kan det krevast ei krone per ark utover 100 og betaling for heile utsendinga. For høgkvalitetskopiar gjeld det eigne reglar.

 

Kven tek du kontakt med?

Ring Askvoll kommune på 57 73 07 00 eller send e-post til postmottak@askvoll.kommune.no

Ønsker du å sende per post er adressa:

Askvoll kommune
postboks 174
6988 Askvoll 
 

Kor lang tid tek det?

Kravet om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan 1-3 virkedagar. Dersom du ikkje har fått svar innan 5 arbeidsdagar frå kommunen mottok kravet ditt, blir dette rekna som eit avslag.
 

Klage

Dersom du får avslag på kravet ditt om innsyn, skal kommunen vise til den regelen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplyse om høvet til å klage og klagefristen. Statsforvaltaren i Vestland er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Du har også klagerett dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen har motteke kravet. Dette blir da rekna som eit avslag.
 

Klagen skal avgjerast så raskt som mogleg. I tilknytting til klagebehandlinga kan Statsforvaltaren òg avgjere at dokumentet skal gjerast kjent heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn.
 

Rettleiing

Ein offentleg postjournal er ei liste over inngåande og utgåande post til eit offentleg organ. Her finn du overskrifta på saka og dokumentet, og namnet på sendar eller mottakar av dokumenta. Når du har funne fram til eit dokument som du vil bestille, kan du kreve innsyn, skriftleg eller munnleg. Kommunen har òg plikt til å hjelpe deg å finne dokument gjennom arkivsystemet.
 

Politiske saker

Politiske saker finn du under møteplan og saker. Politisk møtekalendar er planlagte møte i dei ulike utvala, komitéane og kommunestyret.

Når det er sendt innkalling til møta vil sakslista vere offentleg og du kan laste ned saksutgreiing og dokumenta. Etter vedtak i politiske organ vil vedtaket stå i dokumentet. 

Vil du vite kven som er representert i dei ulike politiske utvala finn du dette under politiske utval når du klikkar på politikarar. 

Her finn du oversikt over dei partia som er representert i Askvoll kommune.

Askvoll kommune

Rådhuset
Telefon : 57 73 07 00
E-post : Send e-post