Flyfoto frå kommunenFlyfoto frå Askvoll kommunePå Nasjonalbiblioteket sine nettsider er det mogleg å sjå flyfoto frå kommunen vår. Bileta er fotografert av Widerøe Flyveselskap A/S, og gjennom Nasjonalbiblioteket sin redningsaksjon for Widerøe flyfotografia er bileta digitalisert og gjort tilgjengeleg på nettstedet nb.no. Trykk her for å sjå flyfotografia På same nettside kan du sjå mange andre gamle bilete frå kommunen. Trykk her for å sjå bileta frå Askvoll kommune på Nasjonalbiblioteket Bruk av biletaWiderøe sine flyfoto kan ein kopiere, endre, spreie, vise og framføre utan samtykke. Desse er offentlege domene. Dei andre bileta frå Askvoll på Nasjonalbiblioteket sine nettsider er berre tillèt å strøyme til privat bruk. Ved kvart bilete står det informasjon om dette.