Krise- og beredskapsleiinga Den kommunale beredskapsleiinga har ansvar for å koordinere Askvoll kommune sine ressursar i samband med større ulukker, naturkatastrofer, svikt i viktige samfunnsfunksjonar m.m. Beredskapsleiinga vert kalla saman dersom det oppstår hendingar/situasjonar som den ordinære redningstenesta (brannvesen, ambulanse, politi) treng hjelp til å handtere. Desse personar er medlemmer i Askvoll kommune si beredskapsleiing: Beredskapsleiinga i Askvoll Faste medlemmer Varamedlemmer Ordførar Varaordførar Kommunedirektør (leiar) Ass.kommunedirektør Ass.kommunedirektør/beredskapskoordinator Oppvekstsjef Desse personar vert kalla inn utifrå behov: Innkalla utifrå behov Medlemmer Varamedlemmer Brannsjef/teknisk sjef Varabrannsjef Kommunalsjef for helse og omsorg Avd. leiar Psykososialt kriseteam Leiar Smittevernlege Anna lege Oppvekstsjef Rektor ved Askvoll skule Landbrukssjef NAV-leiar I tillegg kan beredskapsleiinga be om hjelp frå andre instansar som til dømes: Lensmann Sivilforsvaret Heimevernet Røde Kors Hjelpekorps Frivillige lag og organisasjonar Her kan du lese meir om organisering av beredskapsarbeidet i Askvoll kommune. Publisert av Jeroen van Gangelen Sist endra 19.04.2022 16.02