Finn viktig informasjon om:

 

Digital post frå kommunen

I 2017 gikk Askvoll kommune over til å sende post digitalt. Her finn du informasjon om korleis du kan motta post digitalt.

Korleis mottar du posten framover?

Når du får digital post frå Askvoll kommune vil du få eit varsel på SMS eller e-post. Då veit du alltid når noko er sendt til deg. For å lese brevet loggar du deg inn på din postkasse. Du kan logge inn med MinID, BankID, Buypass eller Commfides.

Det er trygt og enkelt å ta imot post digitalt når du har ein digital postkasse. Du får posten din raskare fordi du slepp å vente på postgangen, og brev i postkassen kan lagrast der så lenge du ønskjer.

Dersom du ikkje har digital postkasse frå Digipost eller e-Boks, vil du få brev frå Askvoll kommune i Altinn.  Dokument som ikkje er opna i Altinn innan to yrkedagar vert skrivne ut og sende via Posten på papir.

 

Du kan reservere deg

Privatpersonar kan reservere seg mot digital kommunikasjon dersom dei framleis ønskjer å ta imot post på papir.

Du kan reservere deg ved å klikke på denne lenka. Då kjem du til ei side der du kan skrive inn ditt fødselsnummer og klikke "reserver". 

Om du treng hjelp til å reservere deg mot digital kommunikasjon, kan du også ringe ID-porten på tlf. 800 30 300

Dei som ikkje har oppretta ei digital postkasse til no, eller tidlegare aldri har kommunisert digitalt med forvaltinga – treng ikkje gjere noko som helst dersom dei ikkje ønskjer digital post.

På Norge.no kan du lese meir om reservere seg mot digital kommunikasjon
 

Fordelen med digital postkasse

Med digital postkasse får du

  • samla post frå det offentlege trygt og gratis på ein stad

  • tilgang til posten din kvar og når du vil

  • varsel på SMS eller e-post når du får viktige brev

  • raskare svar og informasjon frå det offentlege

  • lagra all viktig post samla på ein sikker stad

  • spara miljøet og redusert offentlege utgifter

  • post frå private avsendarar på same sted

 

Kva må du gjere om du ønskjer å få post elektronisk?

Gå til nettsiden norge.no

Om du ikkje har en elektronisk ID (eID), klikkar du på «Ny bruker av offentlige tjenester på nett»

For å sikre at offentlege har registrert riktig kontaktinformasjon må du gå inn på lenka  «Oppdater kontaktinformasjonen din»

Til slutt klikker du på «Velg digital postkasse» og følgjer instruksjonene der.
 

To leverandørar

Du kan velje mellom to postkasseleverandører: Digipost, som er eigd av posten Norge, og e-boks, som leverer digital postkasse også i Danmark. Direktoratet for IKT og forvaltning (Difi) har laga ein enkel rettleiar på norge.no for korleis du vel og oppretter ein slik postboks. Her kan du også skaffe deg eID, viss du ikkje har det fra før. Det er naudsynt for å kunne få ein digital postkasse.

Askvoll kommune tilrår at de nyttar Digipost si løysing, men det er ikkje eit krav.
 

Hjelp og rettleiing

Vi gjer merksam på at Askvoll kommune ikkje kan svare på spørsmål knytt til dette, og ber dykk om å bruke rettleiarane til kvart tema, som er å finne på norge.no eller rette spørsmål på e-post til: brukerstotte@difi.no eller ringe 800 30 300.