Koronaviruset i Askvoll kommune:

Siste nytt  |  Timebestilling koronavaksine  |  Status vaksinering 
|  Om koronatesting |  Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Medarbeidarundersøking 2021

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteAskvoll kommune skal i mars 2021 gjennomføre medarbeidarundersøkinga, 10-faktor. Undersøkinga er eit anerkjent, forskingsbasert og fokusert digitalt utviklingsverktøy som vert brukt av både kommunale og private verksemder.

Alle med tilsette med kommunal e-post får tilsendt lenka, og vert oppmoda om å delta.
 

Føremålet med undersøkinga

I undersøkinga vert de bedne om å vurdere ulike sider ved eigen arbeidssituasjon. Føremålet er å kartlegge medarbeidartilfredsheit både ved den enkelte arbeidsplass og for kommunen som heilheit. Gjennom kartlegginga ønskjer vi å få informasjon om i kor stor grad de er tilfredse på ulike områder.

Denne første undersøkinga er ein del av eit større prosjekt knytt til det store sjukefråværet kommunen har, for å ta «temperaturen» på den generelle tilfredsheita til våre tilsette.

Informasjonen gjev oss grunnlag for å finne felles faktorar for å kunne vidareutvikle gode arbeidsforhold, medarbeidartilfredsheit og gode kommunale tenester.
 

Anonymitet

Undersøkinga er lagt opp slik at du skal kunne føle deg trygg på at dei svara du gjev vert behandla anonymt. Det er ikkje mogeleg å ta ut rapportar på konkrete spørsmål eller enkelte svar. Resultata kan berre rapporterast på faktornivå, dvs. det er ikkje personavhengig. Du skal berre sette kryss på det svaralternativet du meiner er mest dekkande for din vurdering. Dersom du ønskjer det, kan du skrive eigne kommentarar i tillegg. Kommentarane som vert gjevne vert tekne med inn som innspel til prosjektet i anonym form.

Vi følger KS si tilråding om å legge saman svar med ei nærliggande avdeling, dersom det kjem inn færre enn tre svar i ei eining. Dette for å ivareta anonymiteten til kvar enkelt.
 

Svar

Undersøkinga vert svara på elektronisk, og innlogging vil komme som ei lenke i e-post innan 8. mars 2021. Lenka er unik og kan ikkje vidaresendast til andre. Innloggingslenka kjem til den e-postadressa dette informasjonsskrivet er sendt til.

Medarbeidarar med stillingar ved fleire avdelingar vil evt. få tilsendt ei lenke per arbeidsforhold. Dersom du ikkje mottek e-posten, opplever problem med lenka eller har andre spørsmål til undersøkinga kan du ta kontakt med assisterande rådmann Tova Kjæmpenes, tel. 57 73 07 04.

Det er best å besvare denne på en datamaskin, men det kan også fungere på nettbrett og mobil.

Avsendar av e-posten er noreply@kommuneforlaget.no. Sjekk både innboksen og «søppelpost» i fall eposten vert stoppa i ditt spamfilter.

Du svarar ved å ta stilling til i alt 35 påstandar. Svarskalaen er femdelt, frå «svært ueinig» til «svært einig». Det finnast ikkje "rette" eller "gale" svar, det er dine synspunkt som er viktige!

Dei 35 spørsmåla (påstandane) vert oppsummert i 10 faktorar: 

  • Bruk av kompetanse – opplevd bruk av eigen kompetanse

  • Sjølvstendigheit – opplevd tillit og mogelegheit til å jobbe sjølvstendig

  • Oppgåvemotivasjon – motivasjon for sjølve oppgåva

  • Mestringstru - tiltru til eigen jobbkompetanse

  • Meistringsorientert leiing – leiing med vekt på å gjere medarbeidarane best mulig ut frå sine føresetnadar

  • Rolleklarheit – tydeleg kommuniserte forventningar

  • Relevant kompetanseutvikling 

  • Fleksibilitetsvilje – villigheit til å vere fleksibel på jobb

  • Meistringsklima – kultur for å samarbeide og gjere kvarandre gode

  • Nyttemotivasjon – ønskje om å bidra til nytte og måloppnåing for andre

Du kan lese meir om undersøkinga på http://10faktor.no

Det tek om lag 10 minutt å svare på undersøkinga. Det er viktig at alle bidreg med si personlege meining.

Dersom du ikkje mottek e-post med innloggingslenke frå 5.3.2021, og har lyst til å svare, send ein e-post til Tova.Kjaempenes@Askvoll.kommune.no frå den e-post-adressa du vil ha undersøkinga tilsendt. Merk at dei som har kommunal e-post adresse skal nytte den.

Undersøkinga er open i perioden 8.mars 2021 til 12. april 2021

Takk for at du deltek, ditt svar er viktig for god utvikling på din arbeidsplass.
 

Personvernerklæring for medarbeidarundersøkinga

Føremålet med undersøkinga er at vi skal kunne kartlegge medarbeidartilfredsheita hjå våre medarbeidarar, og bruke dette i vidare utviklings- og forbetringsarbeid internt i kommunen. Nedanfor vil vi peike på korleis omsynet til personvernet vert ivareteke ved gjennomføringa av medarbeidarundersøkinga som vert registrert på sida til 10Faktor.no. Vi vonar du finn vår personvernerklæring tilfredsstillande, og at du set av tid til å svare på undersøkinga. Det er viktig for oss å respektere og ivareta medarbeidarane våre sitt personvern i denne samanheng.

Medarbeidarundersøkinga som vi nyttar er utviklet av Linda Lai, og vert distribuert av KS. Svara vert registrert i nettportalen 10Faktor.no, som er eit registrerings- og rapporteringssystem for kommunar som ønskjer å gjennomføre spørjeundersøkingar. Portalen vert driven av KS, som er ansvarleg for den operative og tekniske drifta av portalen.

Nytteverdien av undersøkinga er avhengig av tryggheit for at respondenten skal ønskje å delta i undersøkingane. Dette betyr at vi, som arbeidsgjevar og ansvarleg for gjennomføringa av undersøkinga og bruken av resultata, må være nøye med å følge gjeldande lover og regler. Vi vil på alle måtar behandle data slik at du som svarer på undersøkinga har tillit til at anonymitet og personvern blir ivaretatt.

Deltaking i undersøking er frivillig. Ved å samtykke til deltakinga i undersøkinga godtek du at svara dine vert samla inn og brukt i samanstillinga av data på 10Faktor.no og for vidare statistisk analyse i kommunen. Alle opplysningar er anonymisert. Det vert ikkje stilt spørsmål i undersøkinga som kan medføre at respondentar røper sin identitet.

Dersom du har spørsmål til undersøkinga kan du kontakte assisterande rådmann Tova Kjæmpenes.

Ingen opplysningar vil gjennom medarbeidarundersøkinga verte samla inn og registrert utan at du på førehand er gjort kjent med det og har gjeve ditt samtykke. Du gjev ditt samtykke ved å svare på undersøkinga. Ved å sende inn utfylt skjema seier du deg kjent med våre retningsliner for personvernomsyn i samband med undersøkinga, og du samtykker i behandlingsmåten av data vi samlar inn. Vår personvernerklæring, som vi føreset at du les før du svarar på undersøkinga går fram av teksten ovanfor.