Digital sjukmelding

Dei aller fleste kan nå sende sjukmeldinga digitalt via smarttelefon, nettbrett eller PC,  i staden for å levere den på papir.

Inlogging

Digital sjukmelding kan du sende via smarttelefon, nettbrett eller PC. Du brukar BankID, Buypass eller Commfides for å logge deg inn. Ta kontakt med banken din, dersom du ikkje har BankID.

Om du ikkje kan skaffe deg nokon av innloggingstenestene kan du ikkje nytte digital sjukmelding. Då må du levere sjukmeldinga di på papir som før. Det same gjeld om den som sjukmelder deg, ikkje kan bruke digital sjukmelding.


Om du vert sjukmeldt

  • Når du er hos legen og får ei sjukmelding, må du syte for å få ei sjukmelding for kvar av stillingane du vert sjukmeldt i.

  • Du får melding på e-post og/eller SMS frå NAV når du har fått digital sjukmelding.

  • Gå inn på www.nav.no og logg deg på Ditt NAV. Følg rettleiinga, sjekk at sjukmeldinga er OK og send den vidare til arbeidsgjevar.

  • Når sjukmeldinga går mot slutten vil du få varsling på e-post og/eller SMS frå NAV om at du må sende inn krav om sjukepengar.

  • Gå inn på www.nav.no og logg deg på Ditt NAV. Følg rettleiinga og send inn krav om sjukepengar (tidlegare del D av sjukmelding).

  • Her kan du laste ned brukarrettleiing for digital sjukmelding:

Meld frå til leiar slik som før

Om du vert sjuk og ikkje kan møte på jobb, skal du ta kontakt med næraste leiar og melde frå om fråværet så snart som mogleg.
 

Meir om digital sjukmelding

Informasjon om digital sjukmelding finn du på nav.no

 

Spørsmål

Om du  har behov for hjelp, ta kontakt med leiaren din.