Innkjøp

Alle innkjøp som Askvoll kommune gjer er underlagt gjeldande innkjøpsreglement og lov og føresegner om offentlege anskaffingar. Regelverket stiller krav til korleis anskaffingar skal gjennomførast, avhengig av kva som skal kjøpast og den samlede verdi for anskaffinga.   

Rutinar rundt innkjøp

Askvoll kommune har ein desentralistert innkjøpsmodell. Dette inneber at kvar einskild verksemd i kommunen gjer sine nødvendige innkjøp innanfor delegerte fullmakter. Den som gjer eit innkjøp påfører kommunen ei økonomisk forplikting og innkjøpet skal difor berre gjerast av dei som har delegert myndigheit til det.

Askvoll kommune kunngjer konkurranser i DOFFIN (Database for offentlege innkjøp) i samsvar med lov og forskrift om offentlege anskaffingar. I tillegg vert kunngjeringane annonsert på eiga nettside under kunngjeringar og i lokalavisa.

Innkjøpssamarbeid

Askvoll kommune er medlem i samarbeidsordninga Sogn og Fjordane Felles Innkjøp (SFFI) som skaffar samarbeidspartane felles rammeavtalar og bidreg med råd og kompetanse ved einskildkjøp og konkurranseutsetting.

Avtalane Askvoll kommune deltar i, er tilgjengelege via elektronisk innkjøpshandbok.

Vil du selje til det offentlege?

Dersom du ønskjer å konkurrere om leveransar til offentleg sektor, kan du finne nyttig informasjon og rettleiing i høve til regelverket rundt offentlege anskaffingar på regjeringa sin nettside

Elektronisk fakturahandsaming

Askvoll kommune har innført elektronisk fakturahandsaming, og ynskjer å få tilsendt alle faktura som EHF. Kommunen sitt organisasjonsnummer er 964 968 330.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post