Internopplæringstilbod for alle tilsette i Askvoll kommune

I tråd med målsettinga i «Kommuneplan for Askvoll 2011 – 2022 – Samfunnsdelen» skal kommunen inneha fagleg god standard og legge til rette for kompetanseheving i organisasjonen

Våre medarbeidarar sin kompetanse er særs viktig med tanke på at vi både skal vere ein attraktiv og spanande arbeidsplass, men og for å kunne yte best mogeleg service til våre brukarar 

Kursa er utan kostnad for tilsette og vert heller ikkje belasta einingane utanom det som måtte oppstå i samband reise til og frå kursstaden. Det er viktig at alle leiarane syt for at dei tilsette får kjennskap til internopplæringstilbodet og at dei tilsette får høve til å delta på flest mogeleg av arrangementa. Det er likevel klart at det ikkje vil vere mogeleg at alle deltek på ein gong, men at ein fordelar deltakinga rettvist.

Nokre kurs er opne for alle, nokre har spesifikke målgrupper. Dette vil gå fram av innleiinga. Ein del av kursa er lagt opp som e-læringstilbod, nokre av desse har ein eigenandel for deltaking. Legg merke til dei obligatoriske kursa samt frist for gjennomføring av desse. Denne kurskatalogen vil verte oppdatert minimum 2 gongar kvart år.

Eg vonar at det vi har å tilby av kurs i år vil vere både interessant, lærerikt og tek imot tilbakemeldingar årets tilbod og forslag til nye kurs for 2015 med takk.

Du finn kurskatalogen og påmeldingsskjema på denne sida: www.kompetanseportalen.com

 

Venleg helsing,

Tova Kjæmpenes, personalsjef

Publisert av Jeroen van Gangelen. Sist endra 05.08.2016 14:23
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Tova Kjæmpenes

Ass. rådmann/personalsjef
Telefon : 57 73 07 04
Mobil : 91 12 83 90
E-post : Send e-post