Volontørteneste - aktiv ungdom

Europeisk Volontørteneste er frivillig arbeid for ungdom i utlandet

Kva er Volontørtenesta?

European Voluntary Service (EVS) eller Europeisk Volontørteneste gjer det mogleg for ungdom mellom 17-30 år å jobbe frivillig i 2-12 månader i eit anna land i Europa eller EUs naboland. Voluntørenesta er ein del av Aktiv Ungdom sitt EU-program for ikkje-formell opplæring, og føremålet er at unge Europeere skal utvikle solidaritet, felles forståing og toleranse for kvarandre.

Askvoll kommune har i 2017 blitt godkjent av Erasmus+/Aktiv Ungdom som mottakar og sender av volontørar. For 2017 har vi fått økonomisk støtte frå ordninga for å bli vert til to volontørar. Ein kjem frå Italia og ein frå Tyskland. Planen er at dei skal starte i kommunen frå 1.september.

Er det eit lag eller ein organisasjon i kommunen som kan ha nytte av ein volontør til ulike oppgåva? Eller er du ein ungdom frå Askvoll kommune som ynskjer å reise ut som EVS-volontør i eit anna EU-land, og du vil vite meir om ordninga?

Koordinering av volontørprosjektet i Askvoll kommune er tillagt dagleg leiar ved NærmiljøsentralenTa gjerne kontakt med Astrid Halstensen på tlf. 908 48 627 eller på e-post astrid.halstensen@askvoll.kommune.no.    

Meir informasjon om ordninga finn du her:

 

 

Logo aktiv ungdom - Klikk for stort bilete

Publisert av Jeroen van Gangelen. Sist endra 26.10.2017 10:15

Kontakt

Astrid Halstensen

Astrid Halstensen

Dagleg leiar
Mobil : 90 84 86 27
E-post : Send e-post