Velforeiningane i Askvoll

Alle krinsar i Askvoll har eigen velforeining. Dei arbeider med saker som kan fremje næringsliv, kultur, fritidsaktivitetar og tiltak elles i krinsen. Velforeiningane skal fungere som samordnande organ som tek på seg oppgåver av allmenn interesse, enten på eige initiativ eller på oppmoding frå andre.

Bindeledd til kommunen

Velforeiningane er bindeledd mellom krinsane og kommunen. Dei skal vere representative og politisk uavhengige. I Askvoll vert velforeiningane i stor grad brukt til som høyringsinstansar og samarbeidspartar.

Innspel frå bygdene gjennom velforeiningane har stor tyngde. Vedtektene til foreiningane skal godkjennast av kommunen, og det er ein kommunal representant i styret. Kommunen yter eit årleg driftstilskot til velforeiningane i Askvoll kommune etter årsmeldinga og årsmøtereferat er lagt fram.

Stor variasjon

Dei ulike velforeiningane arbeider med ulike saker og på ulike måtar. Oppgåvene og prioriteringane vil variere over tid.

I Holmedal, Bulandet, Førdefjorden og på Atløy har velforeiningane tradisjonelt arbeidd med overordna lokalpolitiske spørsmål, og delteke i bygdeutviklingsprosjekt.

Stongfjorden Vel har arbeidd mykje med kulturminnevern og industrihistoria i bygda og hatt mange underkomitear som har utført praktiske oppgåver.

Værlandet Vel har eigar- og driftsansvar for ro-gavlen "Makrelen" og "Engelbua" og var aktiv medspelar i naturbruksprosjektet.

Værlandet vel og Bulandet grendalag vart i 2013 slått saman til Bulandet og Værlandet grendalag.

Askvoll Vel er den nyaste velforeininga i kommunen og har til no markert seg som ein viktig høyringsinstans i mange saker.

Velforeiningane i Askvoll
Velforeiningane i Askvoll
VelforeininganeKontaktpersonarAdresse
Atløy VelOddbjørn Veka6985 Atløy
Bulandet og Værlandet GrendalagRoar Landøy6986 Værlandet
Førdefjorden VelAndrew Hawkes6983 Førdefjorden
Stongfjorden VelHåvard Yndestad6984 Stongfjorden
Askvoll VelRandi Bjørneset6980 Askvoll
Holmedal VelHelga Furevikstrand6982 Holmedal

Styra til velforeiningane har eit medlem som er valt inn av kommunestyret. Dei kommunale medlemmane i velforeiningane skal fungere som eit bindeledd mellom bygdene og kommunen.

Kommunale styremedlemer i velforeiningane 2015-2019 Styremedlemmer og personlege varamedlemmer i velforeiningane som er valt av kommunestyret
Kommunale styremedlemer i velforeiningane 2015-2019
 MedlemVaramedlem
Askvoll VelEirene BaugeAud Kari Steinsland
Atløy VelJostein GraneHarriett Norstrand
Bulandet og Værlandet grendalagAstrid Thorsen LandøyArnt Henning Blom
Førdefjorden VelLinda KvalheimRenate Berg
Holmedal VelÅge GuddalTerje Bjaanes
Stongfjorden VelKjell Kristian CarlsenAlice Hestad Vie

 

Mangfald av frivilligheit

Mange av krinsane er samansett av fleire bygdelag. Det er ei rekke bygde- og grendalag i tillegg til velforeinignane med høg aktivitet og stort engasjement. Under lag og organisasjonar finn du ein oversikt og meir informasjon om frivillige aktørar i kommunen.

Publisert av Jeroen van Gangelen. Sist endra 25.10.2016 11:19 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Nærmiljøsentralen Askvoll

Nærmiljøsentralen Askvoll

Telefon : 57 73 46 20
Mobil : 908 48 627
E-post : Send e-post

 

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post

 

Teneste (1)
 
 
Login for redigering