Aktive Askvoll

Vi ønskjer at Askvoll skal vere ein stad der du kan oppleve dine personlege eventyr. Ein stad der dine villaste draumar kan realiserast, men også ein stad der dei små kvardagseventyra kan få lov til leve. Kanskje kan dine draumar verte vår framtid?  

Padleeventyr - Klikk for stort biletePadleeventyr Torgunn Kvellestad Vi har levande bygder med engasjerte menneske som vil det beste for heimstaden sin. Dei bidreg til det gode liv med ei dugnadsånd utan sidestykke gjennom eit mangfald av frivillige lag og organisasjonar.

Alle grendene har velforeiningar eller grendalag som er viktige samarbeidspartar for kommunen.

Askvoll ligg sentralt plassert på kysten av Sogn og Fjordane og er eit knutepunkt mellom land og sjø. Kommunen strekkjer seg frå bygdene på sørsida av Førdefjorden i aust og til Bulandet i vest, med Dalsfjorden i sør og Førdefjorden i nord.

Vi har gode kommunikasjonar langs kysten med ekspressbåt og bussamband med Førde. Internt i kommunen er øyane våre knytt til fastlandet med to ferjesamband.

Kommunesenteret Askvoll ligg på fastlandet. Her er kommuneadministrasjonen og mange av dei kommunale tenestene lokalisert. Askvoll har stor breidde i private handel og sørvisbedrifter og hotell, bank og apotek. Av andre offentlege tenester har vi og lensmannskontor, tannlege, veterinær og NAV-kontor.

Askvoll kommune har eit desentralisert tilbod innan dei viktigaste tenesteområda. Kommunen har 4 grunnskular og 6 barnehagar. Likeeins har vi desentralisert mykje av omsorgstenesta vår, men sjukeheimen, Askvollheimen, ligg i kommunesenteret.

I Askvoll lever vi nær dei store naturopplevingane både på land og sjø. Ein fjelltur på Blegja på sørsida av Førdefjorden eller ein tur på Alden som stig rett opp av havet, gir deg vidt utsyn over verda.

Båthamner og gjestehamner finn du fleire av rundt om i kommunen, og vi har flust opp av stille, fine vikar der du kan nyte kveldssola og den sjølvfiska palen.

Askvoll er rik på historiske minne.
Funn av flintreiskapar fortel at det truleg har budd menneske her i omlag 6000 år. Helleristingar og gravrøyser er synlege minne frå historisk tid. Vilneskyrkja frå midt på 1600-talet ligg på Atløy og i Rivedal står statua av Ingolfr Arnason, første landnåmsmannen på Island.

Askvoll har og ei rik industrihistorie.
I Grimelia ser ein framleis spor etter kopargruver frå 1800-talet. I Stongfjorden starta aluminiumsindustrien i Norge opp i 1908. Bygdene på nordsida av Dalsfjorden ber på minne om teglsteinproduksjon, brusfabrikk, smørfabrikk og ullvarefabrikk. I dag er Hellekniven varemerket for desse grendene.
Fiske- og hermetikkfabrikkar var viktige arbeidsplassar i ytre delar av kommunen. I dag er det Bulandet Fiskeindustri og krabbefabrikken Sigurd Løkeland AS som fører tradisjonen vidare.

Dei viktigaste næringane i Askvoll i dag er industri, fiske og havbruk, landbruk og reiseliv. Kommunen er og ein stor arbeidsgjevar med tilsette innanfor skule, helse, omsorg og administrasjon.

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
Sjå også (1)
 
 
Login for redigering