Økonomi

Innan utgangen av kvart år skal kommunestyret vedta ein bindande plan for kommunen sine midlar og bruken av desse for påfølgjande budsjettår. Etter kvart år utarbeider kommunen årsrapportar og årsmeldingar.

Budsjett- og økonomiplan

Budsjettet vert vedteke for eitt år om gangen, medan økonomiplanen viser korleis midlane skal disponerast for den kommande fireårsperioden. Årsbudsjettet skal delast inn i ein drifts- og ein investeringsdel, som skal innehalde ein taldel og ein kommentardel.

Arbeidet med årsbudsjettet tek utgangspunkt i vedteken økonomiplan og startar etter sommarferien. Rådmannen lagar eit budsjettrundskriv til etatane der føresegnene for budsjettarbeidet vert lagt. Etatane kjem med framlegg til budsjett innanfor rammene og gjev signal om behov ut over dette.

Før budsjett og økonomiplan vert vedteke, skal det handsamast i dei folkevalgte organ og innbyggjarane skal få høve til å verte høyrt.
 

Årsbudsjett 2018 og økonomiplan 2018 - 2021

 

Rapportering og rekneskap

Årsrapporten er eit viktig styringsinstrument for kommunen, og gjennom denne kan ressursbruk og innsats vurderast for året som har gått. Samstundes kan vi sjå på kva oppgåver og utfordringar vi har foran oss.

Årsregnskapet skal omfatte alle økonomiske midlar som vert disponert for året, og anvendinga av midlane. Alle kjente utgifter og inntekter i året skal takast med i årsregnskapet for vedkommende år, anten dei er betalt eller ikkje når årsregnskapet vert avslutta. Kommunestyret er pålagt å handsame årsrekneskapen innan 1.juli det påfølgjande år. Vedtaket vert gjort på grunnlag av tilråding frå formannskapet.

Årsmeldinga gjev på sin side ein oversikt over kommunen si drift i dei einskilde tenesteeiningane. Årsmeldinga er meint å vere utfyllande i høve til den informasjonen som vert gjeven i årsreknekapen. Meldinga skal utførmast slik at den gjev eit dekkjande bilde av kommunen si utvikling, resultat og stilling. Årsmeldinga skal handsamast i kommunestyret saman med årsrekneskapen innan 1.juli året etter.

KOSTRA-tall

KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering) er eit nasjonalt informasjonssystem for å kunne vurdere og styre kommunal verksemd. Informasjonen om kommunale tenester og bruken av ressursar på ulike tenesteområde vert registrert. Denne vert sett saman for å gje samanlikningsgrunnlag for dei som tek avgjerder både nasjonalt og lokalt. Informasjonen skal gje grunnlag for analyse, planlegging og styring, og for å vurdere om måloppnåing.

Askvoll kommune har ein rekke data liggande inne i KOSTRA og vi brukar tala aktivt m.a. i samband med utforminga av budsjett- og økonomiplanen vår.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Nina Haugstad

Økonomisjef
Telefon : 57 73 07 12
E-post : Send e-post