Styre, råd og utval i Askvoll kommune

Styre, råd og utval

Kommunestyret

Kommunestyret er øvste myndigheit i Askvoll kommune.

Kommunestyret består av 21 folkevalde politikarar, med ordføraren som leiar. 
 

> Mandatfordeling i kommunestyreperioden 2015 - 2019
 

Alle politikarane med unnatak av ordførar og kontrollutvalet sitt medlem, sitt i ein av kommunestyret sine komitéar. Alle saker som skal til kommunestyret, vert førebudd i ein av komitéane. Komitéen kan ikkje fatte endeleg vedtak i saker, men fremjar si eiga tilråding til kommunestyret.

Kommunestyret har delegert all den avgjerdsmynde som lova tillet til rådmannen.
 

> Medlemmer, møteplan og saker

Formannskapet

Formannskapet er det nest øvste politiske organ i kommunen. Det består av 7 medlemmer med varamedlemmer, som alle er valt blant kommunestyret sine medlemmer for 4 år, jf. kommunelova § 8.  

Formannskapet sine funksjonar er fastsett i kommunelova, særlover og i reglement for delegasjon av avgjersmynde til politiske organ og administrasjonen. Dømer på formannskapet sine oppgåvene er handsaming av framlegg til økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak jf. kommunelova § 8 (3), vedtaksmynde som fastutval for plansaker, vedtaksmynde for valstyre, byggjenemnd og klagenemnd etter forvaltningslova § 28, 2.ledd, m.m.

> Medlemmer, møteplan og saker

Kommunestyrekomitéar

I 2011 innførte Askvoll kommune komitémodellen som politisk styringsmodell. Komitémodellen inneber at kommunestyret er delt inn i komitéar med fast fagområde. Alle politikarane i kommunestyret (med unnatak av ordførar og kontrollutvalet sitt medlem) vert valt inn i komitéane.
Saker som skal til handsaming i kommunestyret, vert fyrst utgreidd av administrasjonen. Ordføraren fordeler sakene til komitéane som førebur saka. Komitéane har ikkje avgjerdsmynde i saker, men skal leggje fram ei tilråding til vedtak som så vert handsama i kommunestyret i plenum. Handsaminga i komitéane skjer i forkant av kommunestyremøtet same dag.  
 

  • Komité for oppvekst og kultur
    Komitéen førebur og legg fram tilråding i saker som gjeld undervisning, barnehagar, barne- og ungdomsarbeid, kyrkjesektor, kultur & idrett og fagplanar innanfor desse områda.
     

  • Komité for helse og omsorg
    Komitéen førebur og legg fram tilråding i saker som gjeld område som kjem under helse- og sosiallovgjevinga når det gjeld pleie- og omsorgsteneste for eldre / funksjonshemma og tiltak for andre med ulike fysiske, psykiske og sosiale vansker, kommunale oppgåver i NAV-kontoret, helsevern og miljøretta helsevern, lege og fysioterapitenester, den interkommunale barnevertenesta, sals- og skjenkeløyve / inndraging, fagplanar innanfor desse områda, m.m.
     

  • Komité for plan, næring, miljø og teknikk
    Komitéen førebur og legg fram tilråding i alle overordna plansaker, større plansaker som t.d. kommuneplan og kommunedelplan for Atløysamband, landbruksverksemd, område for veg, vatn, avløp, renovasjon, brann og feievesen, næringslivsspørsmål, miljøspørsmål, sakar knytt til hamnespørsmål, fagplanar innanfor desse områda, m.m.
     

> Medlemmer, møteplan og saker

 

Kontrollutvalet

Kontrollutvalet har på vegner av kommunestyret det løpande tilsynet med forvaltninga i kommunen jf. kommunelova § 77 1.ledd. Kommunestyret skal sjølv velje eit kontrollutval.

SEKOM-sekretariat er saksbehandlande organ for Askvoll kontrollutval.

> Medlemmer, møteplan og saker

 

Administrasjonsutval

Administrasjonsutvalet er eit partssamansett utval oppretta med heimel i kommunelova § 25. Utvalet skal handsame saker som gjeld tilhøvet mellom kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette.


Arbeidsgjevarsida i utvalet er personidentisk med medlemmene i formannskapet, og dei sitt i fire år i samsvar med valperioden. Dei to tilsette sine representantar (med personleg vara) vert valt av arbeidstakarorganisasjonane, og er valt for to år om gangen.
 

Arbeidsmiljøutvalet (AMU)

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) er eit krav etter Arbeidsmiljølova. AMU skal m.a. ta del i planlegging og fylgje med i tilhøva for dei tilsette innan helse, miljø og sikkerheit (HMS).

> Meir utfyllande info i Arbeidsmiljøloven kap. 7

Fellesråd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

Fellesrådet er eit kommunalt råd som kan gje råd i og uttale seg om saker som vedrører dei eldre i og personar med nedsett funksjonsevne i kommunen. Fellesrådet skal veljast av kommunestyret for valperioden. Fellesrådet har 5 medlemmer med personlege varmedlemmer. To medlemmer av rådet skal veljast etter forslag frå pensjonistane sine interesseorganisasjon, og to medlemmer skal veljast etter forslag frå organisasjonane til menneske med nedsett funksjonsevne. Eitt medlem av rådet skal veljast blant kommunestyrerepresentantane. Rådmannen peikar ut sekretariat for fellesrådet som kallar inn til møte etter avtalen med leiaren. Sekretariatet fører møtebok etter kommunen sine reglar for møtebøker i folkevalde organ. Sekretær for rådet er Astrid Halstensen. E-post: Astrid.Halstensen@Askvoll.kommune.no.

Medlemmer felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne
Medlemmer Personlege varemedlemmer
Leiar: Marit Klausen (kommunestyret sin representant) Terje Bjaanes
Nestleiar: Uta Eimind Sissel Igland
Anne Elise Helle Anne Lise Skarstein
Dag Eidem Dag Roar Fridtun
Bjarne Haugen Asbjørn Nilsen

 

Barnerepresentant

Funksjonen som barnerepresentant er heimla i plan- og bygningslova § 3-3: "kommunestyret skal sørge for å etablere en særskilt ordning for å ivareta barn og unges interesser i planleggingen".

Ordninga med barnerepresentant er òg ein del av den norske tilrettelegginga for å oppfylle forpliktingane i FN sin barnekonvensjonen, som vart ratifisert i 1991.

Barnerepresentanten har møte- og talerett og rett til å stille forslag overfor kommunen sitt planutval. Barnerepresentanten har rett til å få gjort protokollmerknader, men har ikkje høve til å klage over vedtak. Barnerepresentanten skal gjevast innsiktsmoglegheit og uttalerett i dei deler av planlegginga som blir behandla av det faste utvalet for plansaker, det vil seie (i hovudtrekk):

  • utbyggingsplanar
  • reguleringsplanar
  • kommuneplanen sin arealdel
  • kommuneplanen (inkludert økonomiplan/årsbudsjett)
  • kommunedelplanar (trafikktryggleik - idrett og friluftsliv)

For å sikre deltaking skal barnerepresentanten få tilsend sakspapir i god tid før møta og helst tidleg i oppstartsfasen av ein planprosess. Barnerepresentanten skal sjå til at kommunen gjer jobben sin i samsvar med rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unge sine interesser i planlegginga (RPR) og yte til at barn og unge kjenner rettane sine på ein slik måte at dei sjølv kan kome med innspel i planprosessar etter plan- og bygningslova.

Kommunestyret sin barnerepresentant i perioden 2015 - 2019 er Anne Kari Iversen. E-post: Anne.Kari.Iversen@Askvoll.kommune.no.

Ungdomsråd

Askvoll kommune har sitt eige ungdomsråd som er ungdommen sitt øvste talerøyr, og arbeider for å fremje interessane og meiningane til ungdommen i kommunen vår. Medlemmene er mellom 13 og 19 år. Ungdomsrådet kan gje råd i og uttale seg om saker som vedkjem ungdomar i kommunen.

Kontaktperson i kommunen for ungdomsrådet er Jeroen van Gangelen. E-post: jvg@askvoll.kommune.no

> Medlemmer, møteplan og saker

Styret for næringsfondssaker

Styret for næringsfondssaker utgjer styret for Askvoll kommune sitt næringsfond. Styret er personidentisk med medlemmene i Komité for plan, næring, miljø og teknikk med delegert fullmakt til å handsame og vedta alle typar søknadar om tilskot, som skildra i vedtekter for kommunalt næringsfond for Askvoll kommune. (PDF, 118 kB)

Uavhengig av søknadsbeløp skal og alle ukurante søknadar handsamast av fondsstyret.

> Medlemmer, møteplan og saker

Klagenemnda

Etter forvaltningslova § 28 er kommunestyret klageinstans for einskildevedtak gjort av forvaltningsorgan oppretta i medhald av kommunelova. Askvoll kommunestyre har vedteke at det skal vere ei klagenemnd som skal vere personidentisk med formannskapet.

Tilsetjingsutvalet

Tilsetjingsutvalet skal handsame alle tilsetjingssaker med unnatak av dei sakene som ligg til kommunestyret å avgjere, eller er delegert til rådmannen. Utvalet er samansett av rådmannen eller den rådmannen gjev fullmakt til (t.d. ass. rådmann eller kommunalsjef), etatleiar eller mellomleiar frå aktuell etat, og ein tillitsvald.

 

Fast valnemnd

I samsvar med § 2 i reglement for dei politiske styringsorgana i Askvoll kommune skal det veljast ei valnemnd som skal ha like mange medlemmer som det er parti i kommunestyret med eitt medlem og eitt varamedlem frå kvart parti.

 

Valstyret

Valstyret har ansvar for førebuing og gjennomføring av kommunestyre- og fylkestingsval, og stortings- og sametingsval i Askvoll kommune.

Det er kommunestyret som vel valstyret. Kommunestyret gjorde i sak 026/13 vedtak om at formannskapet er valstyret, med ordførar og varaordførar som høvesvis leiar og nestleiar.

> Medlemmer, møteplan og saker

 

Askvoll sogenemnd

Askvoll sogenemnd vart skipa i 1946. Sogenemnda er eit kommunalt organ utpeika av kommunestyret, og nemnda gjev m.a. årleg ut Sogehefte for Askvoll.

Medlemmer Askvoll sogenemnd 2015-2019
Gaute Losnegård (leiar) Petter Jonny Rivedal
Kari Eikenes Helle (nestleiar) Rolf Losnegård
Hilde Wåge Elin Landøy
Per Vidar Nybø
Kjellaug Høyvik
Rune Gjelsvik
Lasse Vie

 

Fann du det du leitte etter?