Offentleg spørjetid

Alle som er busett i Askvoll kommune kan stille spørsmål til ordføraren, kommunestyret eller einskildmedlemmer i kommunestyret.

Når er det offentleg spørjetid?

Det er høve til å stille spørsmål før kvart kommunestyremøte. Spørjetida opnar ved det tidspunktet som er annonsert kommunestyret er kalla inn til, men før det formelle kommunestyremøtet vert sett. Tida for spørsmål vert avgrensa til 30 minuttar.

> sjå møteplanen for kommunestyret

Kva spørsmål kan eg stille?

Spørsmål må gjelde kommunale tilhøve og vere av allemenn interesse for kommunen sine innbyggjarar. Spørsmåla skal vere korte og det må normalt berre ta eitt minutt å stille dei, og inntil 2 minutt å svare. Utover dette kan du likevel få tid til inntil to korte oppfølgingsspørsmål.

Spørsmål som vert stilt vedkomande saker på sakslista til aktuelle møtet, vert avvist.

Må eg sende inn spørsmålet mitt i forkant av spørjetida?

For å sikre at du skal få eit tilfredsstillande svar i spørjetida, bør du sende spørsmåla til ordføraren med kopi til administrasjonen seinast 2 arbeidsdagar før møtet. Spørsmål som er framsett munnleg under møtet, og som ikkje kan svarast på på ein forsvarleg måte med ein gong, vert utsett til neste møte.

Publisert av Jeroen van Gangelen. Ansvarleg Frida Melvær, ordførar. Sist endra 04.11.2015 20:33 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Frida Melvær

Ordførar
Telefon : 57 73 07 02
Mobil : 95 41 32 13
E-post : Send e-post

 

 
 
Login for redigering