Rådgjevande folkerøysting om kommunereforma

Måndag 4.april kan du gjennom ei rådgjevande folkerøysting gje din røyst til kva kommunar du ønskjer Askvoll skal slå seg saman med i framtida, eller om Askvoll skal halde fram som eigen kommune

 

Folkerøysting  - Klikk for stort bilete

Det er bestemt at røysterettsalder er 16 år, dvs at dei som er fødd 31.12.2000 eller før har røysterett ved folkerøystinga. Det er kvar du er folkeregistert pr 01.02.16 som avgjer kva kommune du kan røyste i. 

Det vert ikkje utsendt valkort til veljarane.

Her kan du lese saksutgreiinga til kommunestyrevedtaket om folkerøysting >
 

Det skal røystast over desse tre alternativa:  

  • Alternativ A:
    JA Askvoll kommune slår seg saman med ein eller fleire av følgjande kommunar: Fjaler, Hyllestad og Solund (HAFS)

  • Alternativ B:
    JA
    Askvoll kommune slår seg saman med ein eller fleire av følgjande kommunar: Førde, Gaular, Jølster og Naustdal (Liten Sis)

  • Alternativ C:
    NEI
    Askvoll kommune slår seg ikkje saman med andre kommunar

Dei ulike alternativa til nye kommunar er bygde på vedtekne intensjonsavtalar i kommunestyra. Her kan du lese meir om intensjonsavtalane.

Det er også utarbeidd ei vurdering av Askvoll som eigen kommune i framtida. Sjå saksutgreiinga her.

Ved folkerøystinga er det ein røystesetel for kvart alternativ.

Manntal

Manntal med namn på innbyggjarar som har røysterett ved Folkeavrøystinga den 4.april 2016 er no lagt ut til offentleg ettersyn på rådhuset i Askvoll fram til og med folkerøystingsdagen.

Dersom du har flytta til Askvoll kommune og melding om flytting ikkje er teke imot av folkeregisteret innan 1. februar 2016, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du ikkje røyste ved folkerøystinga i Askvoll kommune.

Førhandsrøysting (ordinær og ambulerande)

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen kan du røyste på førehand. Det er kvar du er folkeregistert pr 01.02.16 som avgjer kva kommune du kan røyste i. 

Det vert førehandsrøysting på Askvoll rådhus i ordninær opningstid i perioden 14.mars til 1.april. I tillegg vert det høve til førehandsrøysting på laurdag 26.mars (påskeaften) frå kl.11:00 - 13:00. Det vert ikkje høve til førehandsrøysting på dei raude dagane i påska. Onsdag 23.mars stenger rådhuset kl 12:00.

Førehandsrøysting på Askvollheimen vert ein dag i siste veka før folkerøystingsdagen, og vert kunngjort med oppslag på institusjon og her på heimesida.

Ambulerande røysting:
Dersom du på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan røyste på valdagen eller førehandsrøyste på annan måte, kan du førehandsrøyste til ambulerande røystemottakar heime eller der du oppheld deg.

Fristen for å be om å røyste til ambulerande røystemottakar er tysdag 29. mars. Ring Askvoll kommune for å gjere avtale på tlf 57 73 07 00, eller send oss en e-post postmottak@askvoll.kommune.no
 

Opningstider røystestader på måndag 4.april

På folkerøystingsdagen måndag 4.april gjeld desse opningstider i krinsane:

Stortingsval 2017: Opningstider røystelokala
Krinsrøystestadopningstid
Bulandet og VærlandetVærlandet ungdomshuskl.13:00-18:00
AtløyAtløy Kulturhuskl.13:00-18:00
AskvollAskvoll rådhuskl.09:00-19:00
HolmedalHolmedal bygdehuskl.09:00-18:00
StongfjordenStongfjorden grendahuskl.13:00-18:00
GjelsvikAllaktivitetshuset på Høgdakl.13:00-18:00

Ta med legitimasjon når du skal røyste.

 

 

Publisert av Jeroen van Gangelen. Ansvarleg Ordførar Frida Melvær. Sist endra 22.07.2016 13:55 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Ole André Klausen

Ordførar
Telefon : 57 73 07 02
Mobil : 48 03 72 85
E-post : Send e-post

 

Artikkel (1)
 
 
Login for redigering