Intensjonsavtalene

Dei ulike alternativa til nye kommunar er bygde på vedtekne intensjonsavtalar i kommunestyra 

Innhaldet i avtalane er ganske likt, med ein vesentleg skilnad. I alternativet SiS (Flora, Førde, Naustdal, Gaular, Jølster) er føremålet å «Utvikle eit nytt, sterkt vekstområde mellom Bergen og Ålesund».

Dei andre måla er like for alle alternativa:

  • Sikre gode tenester med høg kvalitet for innbyggjarane.

  • Vere drivkraft og fylkessenter for Sogn og Fjordane. (Gjeld ikkje HAFS-alternativet.)

  • Legge til rette for samfunnsutvikling og skape attraktive bu-, arbeids- og fritidsområde i alle delar av kommunen.

  • Styrke folkevald styring, brei deltaking og involvering

  • Byggje ein kompetent, effektiv og attraktiv kommuneorganisasjon med gode fagmiljø.

  • Skipe ein livskraftig og attraktiv ny kommune.

I intensjonsavtalane er det også vektlagt at førstelinetenester som skular, sjukeheimar, helse, barnehagar og kulturtilbod skal vere der dei er i dag. I tillegg er det ei målsetjing på sikt å få tilført nye oppgåver frå sentral og regional stat, og frå fylkeskommunen.

Her kan du lese intensjonsavtalane for Hafs og Liten Sis:

 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Ole André Klausen

Ordførar
Telefon : 57 73 07 02
Mobil : 48 03 72 85
E-post : Send e-post

 

Håkon Loftheim

Rådmann
Telefon : 57 73 07 03
Mobil : 913 89 474
E-post : Send e-post