Endeleg resultat folkerøysting 2016

1260 innbyggjarar i Askvoll kommune har røysta ved den rådgjevande folkerøystinga om kommunereforma måndag 4.april

Folkerøystinga om kommunereforma gav følgjande resultat:

  • Røyster for alternativ A: 302 - 24 %

  • Røyster for alternativ B: 454 - 36 %

  • Røyster for alternativ C: 504 - 40 %

Frammøte ved valet var på 50,6 % totalt i kommunen.

Dei alternativa det vart røysta over var:

  • Alternativ A:
    JA
    Askvoll kommune slår seg saman med ein eller fleire av følgjande kommunar: Fjaler, Hyllestad og Solund (HAFS)

  • Alternativ B:
    JA
    Askvoll kommune slår seg saman med ein eller fleire av følgjande kommunar: Førde, Gaular, Jølster og Naustdal (Liten Sis)

  • Alternativ C:
    NEI
    Askvoll kommune slår seg ikkje saman med andre kommunar

Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak om kommunesamanslåing innan 1. juli 2016.

 

Logo rådgjevande folkerøysting 2016 - Klikk for stort bilete

Publisert av Jeroen van Gangelen. Sist endra 22.07.2016 13:59
Fann du det du leitte etter?