Interkommunalt

HAFS regionråd

Logo HAFS kommunane  - Klikk for stort bilete

Askvoll kommune er medlem i HAFS regionråd

 

Oversiktskart HAFS-regionen - Klikk for stort bilete HAFS-karrieremesse ved Dale vgs samlar ungdommen i regionen - fotograf: Roald Nordeide - Klikk for stort bilete

Kva er HAFS regionråd?

HAFS regionråd er eit politisk samarbeidsorgan for kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund, og er kommunane sitt felles ansikt utad. Formålet til regionrådet er å utgreie og løyse viktige og strategiske saker av felles interesse i regionen. Rådet skal ivareta interessene til regionen ovanfor fylket, stat og andre organ på regions-, fylke- og riksplan. 

Satsingsområde i regionen

Saker som HAFS regionrådet ser på som viktige i vår region er m.a. utvikle og profilere gode bu- og arbeidsområde, skuleutvikling, arrangere felles rekruteringsmesse, reiseliv, kommunikasjon og næringsutvikling. Eit aktuelt døme på det siste er industriutbygginga på Lutelandet.

Deltakarane i regionrådet

Regionrådet består av ordførarar og rådmenn i medlemskommunane. Leiarvervet går på omgang og for tida er ordføraren i Askvoll kommune, Frida Melvær, leiar.

Kontaktinformasjon

HAFS regionråd
c/o Hafs Utvikling AS
6963 Dale
tlf. 915 89 681
e-post: per.arne.tveit@hafsutvikling.no

 
Publisert av Jeroen van Gangelen. Sist endra 11.12.2015 09:01