Mudring og dumping i Værøyhamna - høyring

Værlandet gjestehamn - Klikk for stort bilete Fylkesmannen har motteke søknad om løyve til mudring og dumping i Værøyhamna i Værlandet. Søknaden er lagt ut på høyring til 22. februar 2018.

Publisert av Kjersti Sande Tveit. Sist endra 09.02.2018 av Kjersti Sande Tveit

Askvoll kommune søkjer Fylkesmannen om løyve etter ureiningsregelverket til å utdjupe innseglinga og viktige kaifrontar i Værøy Fiskerihamn. Søknaden gjeld også dumping eller deponering av massane på eigna stad i nærområdet.

 

Sjå søknaden

 

Værøy Fiskerihamn har behov for større seglingsdjupne inn til hamna og ved kaiane, slik at større båtar kan gå inn. Tiltaket går ut på å mudre og sprenge i sjøbotnen ned til 6-7 meter. Mudrings- og sprengingsmassane er planlagt dumpa ved foten av eksisterande molo, eller i eit anna eigna område. Det finst areal på land, som er regulerte til industriføremål og som ved behov kan nyttast til mellomlagring av ureina massar.

 

Det er planlagt å fjerne om lag 1500-2000 m3 massar over eit areal på vel 1500 m2. Botndjupna før tiltaket er 4-7 m. Djupne etter utfylling vil vere 7 m. Søknaden gjeld mudring frå fartøy. Tiltaket er planlagt starta opp våren 2018.

 

I 2016 vart det utført miljøteknisk grunnundersøking i tiltaksområdet. Det vart teke sedimentprøvar frå til saman fem stasjonar som, i tillegg til undersøking av kornfordeling og innhald av organisk materiale, vart analyserte for tungmetall, organiske miljøgifter og TBT. Dei kjemiske analysane viste at sedimenta er ureina med PAH-stoff, PCB-stoff og tributyltinn (TBT).

 

Fylkesmannen skal vurdere søknaden og eventuelt gi løyve etter ureiningsregelverket.

 

Merknader til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller fmsfpost@fylkesmannen.no.

Frist for å komme med merknader er 22. februar 2018.

 

Sjå dokument i saka.

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering