Kunngjering - vedteken skrivemåte av vegnamn etter klage

Øyra - Klikk for stort bilete

Kartverket har klaga på skrivemåten til nokre av vegnamna som kommunen vedtok i sak FOR 082/16 og som vart kunngjort 09.07.2016.  

Kommunen tok i sak for 023/17 klaga til følgje når det gjaldt følgjande vegar og skrivemåten vart endra slik:

Adresseparsell 34 vert skriven Storehaugvegen

Adresseparsell 54 vert skriven Kongshaugen

Adresseparsell 31 vert skriven Askhaugen

Formannskapet si klagehandsaming i sak for 023/17

Det er ingen klagerett på namneval. Men for vedteken skrivemåte av namn er det klagerett i medhald av stadnamnlova § 10 for dei som er gjeven klagerett, jf. § 5 i lova, dvs lokale organisasjonar med tilknytning til namnet, offentlege organ og verksemder som skal bruke det aktuelle namnet i tenesta. 

Eventuell klage skal stilast til Klagenemnda for stadnamnsaker, Språkrådet, Postboks 8107 Dep, 0032 Oslo og sendast til Askvoll kommune på e-post postmottak@askvoll.kommune.no, eller pr brev til Pb 174, 6988 ASKVOLL

Klagefristen er 3 veker frå kunngjeringsdato, dvs 20.10.2017

Fann du det du leitte etter?