Krise- og beredskapsleiinga

Den kommunale beredskapsleiinga har ansvar for å koordinere Askvoll kommune sine ressursar i samband med større ulukker, naturkatastrofer, svikt i viktige samfunnsfunksjonar m.m.

  

Beredskapsleiinga vert kalla saman dersom det oppstår hendingar/situasjonar som den ordinære redningstenesta (brannvesen, ambulanse, politi) treng hjelp til å handtere.

Desse personar er medlemmer i Askvoll kommune si beredskapsleiing:

Medlemmer Varamedlemmer
Brannsjef/teknisk sjef Varabrannsjef
Kommunalsjef for helse og omsorg Avd. leiar
Psykososialt kriseteam Leiar
Smittevernlege Anna lege
Oppvekstsjef Rektor ved Askvoll skule
Landbrukssjef
NAV-leiar

Desse personar vert kalla inn utifrå behov:

Medlemmer Varamedlemmer
Brannsjef/teknisk sjef Varabrannsjef
Kommunalsjef for helse og omsorg Avd. leiar
Psykososialt kriseteam Leiar
Smittevernlege Anna lege
Oppvekstsjef Rektor ved Askvoll skule
Landbrukssjef
NAV-leiar

I tillegg kan beredskapsleiinga be om hjelp frå andre instansar som til dømes:

  • Lensmann
  • Sivilforsvaret
  • Heimevernet
  • Røde Kors Hjelpekorps
  • Frivillige lag og organisasjonar

Her kan du lese meir om organisering av beredskapsarbeidet i Askvoll kommune.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Håkon Loftheim

Rådmann
Telefon : 57 73 07 03
Mobil : 913 89 474
E-post : Send e-post