Ofte stilte spørsmål

Innføring av vegadresser

-
Kvifor har eg fått så høgt husnummer?

Prinsippa for tildeling av husnummer/adressenummer er dei same i heile landet: bygningen skal tildelast adressenummer til den vegen som er godkjent som tilkomst. På venstre side, sett frå startpunktet på vegen, vert det tildelt partat (2,4,6..), medan det på høgre side vert tildelt oddetal (1,3,5...).

I spreiddbygde strøk vert adressenummer tildelt etter avstandsprinsippet. Dette vil seie at adressenummer vert tildelt etter kor langt adressa ligg frå starten på vegen, angjeve i nærmaste ti-meter. Ein avstand på 430 meter frå starten på vegen gjev då adressenummer 43 dersom adressa ligg på høgre side av vegen, eventuelt 42 eller 44 dersom adressa ligg på venstre side av vegen. Nummereringa hopper opp med hundre for kvar heile kilometer frå startpunktet. Langs den lengste vegen, Førdefjordvegen (Fv. 609) vil difor høgaste tall verte over 4000.

Kvifor vegadresser?

Alle bygningar som vert nytta til bustadføremål, fritidsføremål, næringsverksemd, offentleg og anna verksemd som tener eit større publikum, skal ha eigne adressenummer.

Bruk av vegadresser gjer det enklare å finne fram både for utrykningskøyretøy og andre som ikkje er lokalkjende. Bruk av GPS føreset at vegane har namn og adressenummer er tildelt. Adressa skal òg tene som stadfestingsobjekt og nøkkel til aktuell informasjon i private og offentlege register og arkiv.

Kva er kommunen sine oppgåver ved adressetildeling?
  • vedta namn og tildele adressenummer
  • senda melding til eigar, eventuelt registrert festar
  • registrere ny adresse i matrikkelen (eigedomsregisteret) og informere Posten
  • sette opp vegnamnskilt og eventuelle tilvisningsskilt ved sidevegar der bygningen ikkje er synleg frå hovudvegen
Når vert dei nye vegadresser teke i bruk?

Vegadressa vert registrert i matrikkelen og er eigedomen si offisielle adresse frå den dagen adressevedtaket er fatta og melding om dette sendt til grunneigar

Kvifor har ikkje vegen min fått vegnamn?

Det er mange vegar som ikkje har fått eigne namn, men heller er adressert som stikkvegar til ein hovudveg. Det er gjort etter ei vurdering av lengden på vegen og tall bustader slik at det ikkje skal verte veldig mange sjølvstendige vegar med eigne vegnamn, som kan gjere det vanskelegere å finne fram.

Kva må eg som eigar gjere i samband med at nye vegadresser vert innført?
  • Kjøpe og sette opp husnummerskilt.
    Det er eit krav i § 9 i lokal adresseforskrift at husnummerskilt skal settast opp innan 6 månader etter at adresseeigar har fått tildelt vegadresse. For nye hus skal nummerskiltet settast opp før huset vert teken i bruk.
    Skiltet skal plasserast synleg frå hovudveg/tilkomstveg.  
     
  • Informere private kontaktar om den nye adressa
    Posten har laga ei enkel løysing slik at du raskt kan informere kontaktane dine om den nye adressa. Sjå posten.no/meld-riktig-adresse.
    Dersom du har spørsmål til Posten kan du kontakt kundeservice på telefon 04004 eller internett www.posten.no. På Mine adresser kan du kontrollere om Posten har registrert den rette postadressa di og eventuelt endre denne sjølv.  
     
  • Orientere eventuelle leigetakar
     
  • Sende flyttemelding til Folkeregisteret med melding om personar som ikkje allereie er registrerte på den gamle matrikkeladresse.

    Her finn du skjema for flyttemelding folkeregisteret >

    MERK: Det er den einskilde bebuar/leigetakar som må kontrollere at han/ho er oppført på rett adresse i folkeregisteret. Dei som står oppført på feil adresse, må sjølv melde frå om dette til folkeregisteret.

     
Korleis skal husnummerkskiltet sjå ut?

I følgje standard frå Kartverket skal husnummerskiltet utførast slik:

Skilta må vere kvite med sort tekst. Vanlegvis anvendast teksthøgde H = 105 mm og skilthøgde 150 mm. Breidda varierer med tal siffer.

Døme på adressenummerskilt:

Døme på husnummerskilt - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

Det vil verte mogleg å bestille husnummerskilt gjennom Askvoll kommune. Meir informasjon om bestillingsprosedyren kjem seinare.

 
 
Login for redigering