Ofte stilte spørsmål

Varsling24

Varslingssystemet Varsling24
Korleis verkar varslinga?

Varslinga vert sendt som sms til mobiltelefonar og som ei automatisert talemelding til fasttelefon. Talemeldinga vert lest inn som "tekst til tale". Ved talemelding til fasttelefon vert ved slutten av meldinga bedt om å taste 1 - for å stadfeste at du har oppfatta meldinga, og 9 - dersom du ønskjer å høyre meldinga ein gong til. Når du ikkje taster 1, vil systemet ringe deg opp att (inntil 3 gonger).

Er mobilnummeret mitt registert?

Så lenge du er registrert i "kontaktregister for offentleg forvalting" på riktig adresse er alt i orden. Denne oppføringa gjeld for den adressen du er registrert med i Folkeregisteret. Din oppføring kan du sjekke ved å logge inn her: http//www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon

 

Er nummeret til min fasttelefon registrert

Nummer til fasttelefon er registert på den adressen telefonen høyrer til.

Får eg varsling når eg har hemmeleg nummer?

Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Dersom du likevel ønskjer å få varsling frå Askvoll kommune, gjer du ein tilleggsoppføring på nettstaden www.varslemeg.no. Slik gjer du:

  • Under "Tilleggsoppføring" klikkar du "legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk "send"
  • Du mottar ei kode på sms, som du brukar til innlogging
  • Legg inn opplysingane og kryss av for "hemmelig nummer".

Når du har registrert eit nummer som er hemmeleg, vil namnet ditt vere tilgjengeleg for Askvoll kommune internt. Men namnet ditt vil ikkje dukke opp i varslingslogg.

Korleis får eg varsling for andre adresser enn min bustadsadresse?

På nettstaden www.varslemeg.no kan du legge inn tilleggsadresser som du ønskjer varsling for. Dette kan gjelde barn i studentbustad, bustaden til dine foreldre eller fritidseigedom. Slik gjer du:

  • under "tilleggsoppføring" klikkar du "legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk "send".
  • Du mottar ein kode på sms, som du brukar for å logge deg inn.
  • Her kan du legge til andre adresser som du ønskjer varsling for. Namn = den som bur på adressen som du registrerer.
Mobilnummeret mitt er registrert på min arbeidsgjevar. Har eg lov til å endre adressen som er registert på abonnementet?
Du kan trygt legge inn din bustadsadresse. Registreringa gjeld ikkje kven som er juridisk eigar av abonnementet eller fakturaadresse.
Eg bur i burettslag/sameige. Får alle varsling på adressen min?

Alle einingar i eit burettslag eller sameige får varsling dersom ein er registrert i "kontaktregister for offentleg forvalting".

Korleis kan eg sjå kva adresse eg får varsling for?

På nettstaden www.varslemeg.no kan du sjekke alle varslingsadresser som er oppført på ditt mobilnummer, utover din offisielle bustadsadresse som du er registrert med i "kontaktregister for offentleg forvalting". Slik gjer du:

  • under "tilleggsoppføring" klikkar du "legg til ditt telefonnummer".
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk "send".
  • Du mottar ein kode på sms, som du brukar for å logge deg inn.
  • Her kan du sjå ei liste over adresser som er registrert på ditt mobilnummer. Her kan du også slette adresser eller legge til fleire (opptil 10).
Eg har ikkje mobiltelefon. Kan eg få varsling?

Du kan få varsling på fasttelefon. Varsling kjem som automatisert talemelding "tekst til tale". Varsling vert òg sendt på e-post, dersom du er registrert med e-postadresse i "kontaktregister for offentlig forvalting". Din oppføring kan du sjekke ved å logge deg inn på http//www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon

 
 
Login for redigering