Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Nipa barnehage

Nipa barnehage er ein to avdelings barnehage som held til på Atløy.

Barnehagen og Atløy skule held til i same bygg, våren 2014 utvida vi med ei småbarnsavdeling. Vi har eit flott uteområde med skog, fjell, fjære, ballbinge og idrettsbane i nærleiken. Pedagogikken er bygd på fysisk aktivitet og helse, og vi har dei siste åra hatt ei gruppe i utebase.

 

Nipa jobbar i eit pedagogisk nettverk og samarbeid med HAFS, dei tilsette er førskulelærarar med vidareutdanning, fagarbeiderar, assistent med kompetanseheving og assistentar med lang erfaring.

 

Barnehagen er open frå 06.45-17.00 og held stengd i jul og påskeferien samt 3 veker i juli.   Vi tek inn born frå 1-6 år og har 18 plassar pr avdeling

 

Samarbeid og humor er viktig i kvardagen vår, medverknad, ikt, spesialpedagogikk, småbarnspedagogikk og estetiske fag har vi god kompetanse på.

 

Velkommen til oss!!    

Kontakt

Anne Marie Herland

styrar
Telefon : 57 73 07 54
Mobil : 950 35 926
E-post : Send e-post