Stortingsval 2017

Her finn du informasjon om stortingsvalet 2017 i Askvoll kommune:

Val.jpg - Klikk for stort bilete

 

Valdagen

Måndag 11.september 2017 vert det halde stortingsval.

Ved stortingsval er landet delt inn i 19 valdistrikt som svarer til fylka, inkludert Oslo kommune som er eige fylke. Det blir valt 169 representantar til Stortinget. Kor mange representantar som skal veljast frå kvart valdistrikt, avheng av innbyggjartalet og arealet i fylka. Kvar innbyggjar tel eitt poeng, medan kvar kvadratkilometer tel 1,8 poeng. Av dei 169 representantane vert 150 valde som distriktsrepresentantar, medan 19 (eitt mandat frå kvart fylket) vert valde som utjamningsmandat.

I Sogn og Fjordane er det 14 parti som stiller til val:

Til toppen av sida >

 

Valstyret

Valstyret har ansvar for førebuing og gjennomføring av val i Askvoll kommune.

Det er kommunestyret som vel valstyret. Kommunestyret gjrode i sak 091/15 vedtak om at Askvoll formannskap er valstyret, med ordførar og varaordførar som høvesvis leiar og nestleiar (jf. KOM-sak 010/17).

Sidan røystinga på valdagen går føre seg på fleire stader i Askvoll kommune, er det oppnemnd eit røystestyre på kvart stad (jf. valgl. § 4.2.).

Til toppen av sida >

 

Røysterett - Kven kan røyste?

Røysterett ved stortingsval har du dersom:

  • du er norsk statsborgar som fyller 18 år innan utgangen av valåret
  • du er eller nokon gong har vore folkeregisterførte som busett i Noreg (det siste vilkåret gjeld ikkje for tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deira)
  • du ikkje har mist røysteretten etter Grunnloven §53
  • er innført i manntalet i den kommunen du skal røyste i på valdagen

Til toppen av sida >

 

Manntal og partiservice

For å kunne røyste ved valet, må du vere innført i manntalet. Manntalet er ei oversikt over personar som har røysterett ved stortingsvalet, og i kva kommunen dei har denne retten.

Alle som er røystefør vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der ein var registrert i folkeregisteret som busett pr. 30.juni i valåret.

Dersom du har flytta til ein annen kommune etter 30.juni, er du framleis registrert i manntalet og er røystefør i den kommunen du flytta frå. Du kan velje om du vil røyste der på valdagen eller røyste på førehand.

Sjekk at du står oppført i manntalet!
Manntalet ligg ute til offentleg ettersyn i perioden frå 15.juli til valdagen på rådhuset i Askvoll.

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan, med urett er innført eller utelaten frå manntalet, kan du krevje at valstyret retter opp feilen. Klagen skal vere skriftleg og grunngjeven, og sendast til:

Askvoll valstyret
Postboks 174, 6988 Askvoll

Eller per e-post: postmottak@askvoll.kommune.no

Til toppen av sida >

For veljarar busett i utlandet gjeld:

Norske statsborgarar busett i utlandet må søkje om innføring i manntalet for kunne røyste ved valet, når dei ikkje har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste åra før valdagen. Søknaden sendast den kommunen der veljaren sist var registrert som busett.

Søknadsskjema om slik innføring kan du laste ned her:

Søknaden må vere kome inn til valstyret i den kommunen du sist var registert busett i Noreg innan kl.17:00 tysdag etter valdagen.

Har du vore registert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste 10 åra før valdagen, vert du automatisk innført i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Noreg.

Søknaden sendast:

Askvoll valstyret
Postboks 174, 6988 Askvoll

Eller per e-post: postmottak@askvoll.kommune.no

Valstyret vil oppdatere manntalet så lenge det praktisk er mogleg.

Til toppen av sida >

Partiservice

Parti som stiller til val har rett til eitt gratis eksemplar av manntalet. Uttrekk av manntalet vert berre gitt ut i papirform, og utlevert materiale skal leverast tilbake til valstyret innan to år.

Dei som har fått eit eksemplar, må gjere seg kjende meg regelverket (valforskrifta § 3 og forskrift om folkeregistrering):

  • Parti skal setje fram krav om manntalseksemplar for valstyret i kommunen
  • Framleggsstillarane har ikkje krav på å få meir enn eitt eksemplar. Ein kan få utlevert fleire eksemplar, dersom dei sjølv berar kostnadene knytt til dette.
  • Etter forskriften § 3 kan ein òg be om oppgåver over bestemte grupper veljarar (typisk førstegongsveljarar). Eventuelle kostnader for kommunen skal dekkast av framleggsstillar.
  • Materiell som byggjer på manntalet skal berre brukast til politiske føremål. Det er ikkje høve til å overlate manntal til utanforståande med mindre føremålet er politisk bearbeiding. Med utanforståande er meint dei som ikkje er medlem av eller har anna tilknyting til partiet/gruppa. Det er ikkje til hinder for at partiane lar ikkje medlemmer - t.d. datasentral - få tilgong til opplysningane til partiet sitt politiske føremål.
  • Uttrekk av manntalet skal ikkje nyttast til kommersielle føremål.
  • Manntalsopplysningar eller opplysningar som er basert på manntalet skal ikkje selgast eller lånast ut.
  • Det er ikkje tilgong til å koble manntalet til andre offentleg registre.

Frist for partiane for å søkje om manntalseksemplar er 31.juli 2017. Bestilling av manntal sendast på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no.

Til toppen av sida >

 

Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort i posten. Valkortet vert utarbeida på grunnlag av opplysningane i folkeregisteret om veljaren sin bustadsadresse pr. 30.juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer kva for ein kommune du har røysterett i.

På valkortet finn du informasjon om opningstid og kva vallokale du skal bruke på valdagen. Du treng ikkje valkortet for å røyste. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Til toppen av sida >

 

Førehandsrøysting

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen den 11.september 2017 kan du røyste på førehand i perioden frå torsdag 10.august til og med fredag 8.september.

Du kan førehandsrøyste i kva kommunen som helst, det vil seie at det ikkje er krav om at du skal førehandsrøyste i den kommunen du står manntalsført. Dersom du røyster på førehand i ein annan kommune enn der du er innført i folkeregisteret per 30.juni i valåret, må du gjere dette så tidleg at røysta di når fram til heimstadkommunen din gjennom postan innan kl.17:00 tysdag etter valdagen.

Hugs å ta med deg gyldig legitimasjon (pass, førarkort, bankkort med bilete el.likn.) når du skal røyste, og gjerne valkortet du får tilsendt i posten.

I Askvoll kommune vert det høve til førehandsrøysting på rådhuset i Askvoll.

Opningstid for førehandsrøysting:

Måndag - fredag frå kl.08:00 - kl.15:00
Laurdag 2.september frå kl.11:00 - kl.14:00

I tillegg vert det høve til førehandsrøysting på onsdag 6 september 2017 på Askvollheimen (Peisestova) frå kl.10:30 - kl.11:30.

Lurar du på kvar du kan røyste på førehand i andre kommunar enn Askvoll?
Seinare vert det lagt ut oversikt over vallokala og opningstider på www.vallokale.no.

Tidlegrøysting

Dersom du er forhindra frå å røyste i den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje kan røyste på valdagen, kan du røyste på førehand innanlands alt frå 01.juli 2017.

I Askvoll kommune skjer tidlegrøysting etter avtale på Askvoll rådhus i ordinær opningstid (måndag - fredag frå kl.08:00 og kl.15:00).

Dersom du ønskjer å avtale tid for tidlegrøysting, kan du ringe 57 73 07 00 eller sende e-post til postmottak@askvoll.kommune.no.

Ambulerande røystegjeving (heimerøysting)

Veljarar som av helsemessige og liknande årsaker ikkje kan røyste på førehand eller på valdagen 11.september, kan be om å få røyste heime. Valfunksjonæren vil då oppsøke veljaren privat. Dei som av desse grunnane ønskjer å røyste heime, kan ta kontakt med kommunen på telefon 57 73 07 00.

Frist for å melde behov for heimerøysting er sett til tysdag 5.september, kl.13:00.

Til toppen av sida >

 

Røystestader og røystetider på valdagen

På valdagen måndag 11.september kan du berre røyste i den kommunen du står manntalsført.

I Askvoll kommune kan du på valdagen røyste på følgjande stader:

Stortingsval 2017: Opningstider røystelokala
Krinsrøystestadopningstid
Bulandet og VærlandetVærlandet ungdomshuskl.13:00-18:00
AtløyAtløy Kulturhuskl.13:00-18:00
AskvollAskvoll rådhuskl.09:00-19:00
HolmedalHolmedal bygdehuskl.09:00-18:00
StongfjordenStongfjorden grendahuskl.13:00-18:00
GjelsvikAllaktivitetshuset på Høgdakl.13:00-18:00

Hugs gyldig legitimasjon med bilete (pass, førarkort, bankkort el.likn.) når du skal røyste. Tek òg gjerne med valkortet, men du treng ikkje det for å kunne røyste. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Til toppen av sida >

 

Valresultat

Frå kl.21:00 på valdagen vert dei første prognosene offentleggjort.

www.valgresultat.no kan du følgje oppteljinga.

 

Meir informasjon om valet

Valdirektoratet har laga ein brosjyre om stortings- og sametingsvalet 2017 på norsk og mange andre språk. Den inneheld viktig informasjon for deg som skal røyste. Du finn brosjyren her >

Nyttige lenker:

Til toppen av sida >

Publisert av Jeroen van Gangelen. Ansvarleg Frida Melvær, leiar Askvoll valstyre. Sist endra 06.07.2017 10:33 av van Gangelen, Jeroen
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Frida Melvær

Ordførar
Telefon : 57 73 07 02
Mobil : 95 41 32 13
E-post : Send e-post

 

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post

 

Lover og forskrifter (2)
 
 
Login for redigering