Teikn ditt skuleområde

Det var spennande idémyldring med kreative elevar, lærarar og foreldre på arbeidsseminar om utforming av uteområde ved skulane i Askvoll kommune  

Aktive elevar ved Gjelsvik skule - båe ballspel og treklatring  - Klikk for stort bilete

Tysdag 28. og onsdag 29.mars fekk vi besøk av Sogn og Fjordane fylkeskommune i samband med prosjektet "Teikn ditt skuleområde". Prosjektet er eit tiltak i Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016-2019, som går ut på å besøkje alle skulane i fylket for å sjå på utforminga av uteområda. Målet er å betre skuleområdet for meir variert fysisk aktivitet, samt synleggjere kva moglegheiter som ligg i spelemiddelordninga for utvikling av uteområda ved skulane. Askvoll kommune er den tredje kommunen som er med på prosjektet.

Synfaringane og arbeidsseminar

På dagtid var folkehelsekoordinator, rådgjevar ved rådmannskontoret og idrettsrådgjevaren i fylkeskommunen på synfaring på skulane saman med representantar frå elevrådet, FAU og lærarar. Dei var alle godt førebudd til synfaringa og hadde mange spennande idéar og innspel til kva de ønskjer seg på uteområdet til skulane sine, og kva aktivitetar dei har frå før som de ønskjer å bevare.

Synfaringane vart avslutta med felles arbeidsseminar på onsdagskveld. Det var eit fantastisk oppmøte med til saman nesten 60 engasjerte elevar, foreldre, lærarar og politikarar. Spesielt elevane var godt representerte. Det vart presentert mange gode idear på korleis uteområda kan leggjast til rette for å skape meir variert fysisk aktivitet i friminutta, SFO, kroppsøvingsfaget og for nærmiljøet på fritida. Nokre av forslaga var skate bowl, hinderløyper, buldrevegg, nedfelt trampoline, bordtennisbord under tak og sjakkbrett på bakken.

Revisjon av kommunedelplan for idrett, frilufsliv og fysisk aktivitet

Askvoll kommune er i gang med revisjon av kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Difor passar det utmerka at kommunen kunne delta på prosjektet no. Dette gjev skulane eit fint høve til å få utarbeidd konkrete innspel på anlegg som må inn i planen for å kunne søkje tilskot frå spelemiddelordninga. Det vert ei ny høyringsrunde etter sommaren kor ein kan komme med innspel til planen.

Den nye kommunedelplanen skal opp til endeleg handsaming i kommunestyret i desember, og vil vere gjeldande frå 1.januar 2018.

 
Synfaring Atløy skule  - Klikk for stort bilete Synfaring Gjelsvik skule  - Klikk for stort bilete Fellesmøte  - Klikk for stort bilete Presentasjon  - Klikk for stort bilete
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post