Skattetrekk og arbeidsgjevaravgift

 

Arbeidsgjevar sender inn terminoppgåve annan kvar månad (januar, mars, mai osv.) innan den 8. i forfallmånaden. Leverer du på Altinn er fristen den 15. Betalingsfrist er den 15. i forfallmånaden. Innan 20. januar i året etter inntektsåret skal det leverast løns- og trekkoppgåver

 

 

Elektroniske oppgåver leverer du gjennom Altinn. Kan du ikkje levere elektronisk, kan du levere papiroppgåver til skatteoppkrevjaren.

 

Dersom du har sendt inn feil oppgåve på Altinn, må du kontakte skatteoppkrevjaren slik at vi kan slette oppgåva før du sender inn ny. Alternativt kan ny korrigert oppgåve sendast på papir til skatteoppkrevjaren.

 

For å logge deg på Altinn brukar du personnummer og kodar frå skattekort eller skatteoppgjer. Informasjon for fleire måtar å logge deg på, kan du finne på Skatteetaten.

 

Ved innlevering på Altinn, får du oppgitt kid på slutten av innleveringa. Du kan også lage KID på Skatteetaten si nettside, eller du kan ta direkte kontakt med skatteoppkrevjaren.

 

Sist endra 28.02.2013

Kontaktinformasjon


Askvoll rådhus
postboks 53,
6988 ASKVOLL
Kontonummer 6345 06 14280
Telefon :
+47 57 73 07 11
Tittel :
Turid Vågane
Bunnhjørne

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF
Askvoll Kommune, boks 174, 6988 Askvoll, Tlf: 57 73 07 00, Org.nr. 964968330, Kommunenr. 1428 postmottak@Askvoll.kommune.no