Personvernerklæring

Elektronisk lagring av personopplysningar kjem inn under lov om behandling av personopplysningar. Vi vil difor fortelje korleis omsynet til personvernet blir behandla når det gjeld våre elektroniske skjema

 

Definisjonar

 

  • Personopplysning: opplysningar og vurderingar som kan knyttast til enkeltperson

  • Behandlingsansvarleg: den som bestemmer føremålet med behandlingen av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal brukast (Askvoll kommune)

  • Databehandlar: den som behandlar personopplysningar på vegne av den behandlingsansvarlege (ACOS AS)

Denne erklæringa gjer greie for korleis personvernet vert teke vare på av ACOS AS som databehandlar av personopplysningar.

Askvoll kommune ønskjer å sikre at du som brukar av tenestene skal føle deg trygg på at gjeldande lover og reglar vert følgt og at datatryggleiken er ivareteken. Sikker behandling av dataene vil til ei kvar tid dokumenterast etter gjeldande lovverk.

ACOS AS er kun databehandlar av personopplysningane, medan det er mottakende instans (Askvoll kommune) som er eigar av dataene og behandlingsansvarleg. Eigarforholdet er regulert av ein eigen databehandlaravtale.

 

Føremålet med behandlingen av personopplysningar

Opplysningar som du fyller inn vert sendt til behandlingsansvarleg. Opplysningane gjer behandlingsansvarleg i stand til å utføre sin saksbehandling av din førespurnad. Dei innsamla opplysningane om deg vert behandla på same måte som om du hadde sendt inn eit papirskjema.

 

Lov om behandling av personvern

Denne personvernerklæringa følgjer bestemmelsene i Lov om behandling av personvernopplysninger (personopplysingsloven) av 20.juli 2018 med tilhøyrande forskrift.

 

Personopplysningar

Dersom du føler at ditt personvern er sikra ved denne erklæringen, samtykker du til lagring ved oppretting av din brukarprofil. Samtykket vert gjeve som godkjenning av våre retningsliner for personvernet og som samtykke for behandlingsmåten av opplysningane.

 

Lagring av opplysningar

Dersom du logger deg på med e-post kan du når som helst velge å avbryte utfyllingen av skjermdialogen og eventuelt hente den opp igjen for vidare utfylling seinare.

Opplysningene du har tasta inn vil ligge lagra på vår server, og vil ikkje vere tilgjengelege for mottaker (Askvoll kommune) før du bestemmer deg for å sende inn søknaden.

Når du har valgt innsending, har du samstundes stadfesta at mottaker kan motta opplysningane. Så snart søknaden er oversendt behandlingsansvarleg, slettast innhaldet frå databehandlar sin server (seinast innan tre døgn). Vel du å avbryte utfyllinga for å hente den opp att seinare, vil opplysningane berre vere tilgjengelege i 72 timar før dei vert sletta.

Dersom du vel å ikkje logge deg på, vil innsende søknadsdata verte sletta frå datahandsamar sin server så snart søknaden er send over til ansvarleg for handsaming (seinast innan tre døgn). Databehandlar vil berre behalde metadata om søknaden (type søknad, tidspunkt for innsending, referansenummer, og opplysningar om mottakar).
 

Sikker line

Alle opplysningar som vert overført mellom di datamaskin og vår server foregår over sikker kryptert linje (SSL). Løysinga tilsvarar tryggleiken som er brukt i nettbankane.
 

Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysningar

Du kan når som helst be om å sjå opplysningane vi har registrert om deg. Dette gjer du ved å ta kontakt pr e-post: postmottak@askvoll.kommune.no, eller kommunen sin personvernombod på e-post personvernombod@sysikt.no.

Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du kreve å få opplysningane sletta. Dersom du har oppretta ein brukarprofil i løysinga, kan du sjølv foreta slik sletting. Dette er jf. Personopplysningslova § 18 og retting etter samme lov § 27 og § 28.

Les meir om innsynsrett på Datatilsynet sine nettsider
 

Unnlatt samtykke

Dersom du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok ivaretatt, vil du ikkje kunne nytte sjølvbeteningsportalen - ACOS Søknadssenter - i høve til elektroniske søknadsskjema. Du må då vende deg til kommunen på anna måte.

 

Spørsmål?

Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa, ta kontakt med Askvoll kommune på tlf 57 73 07 00 eller e-post: postmottak@askvoll.kommune.no

Postadresse: Askvoll kommune, Postboks 174, 6988 ASKVOLL
 

Personvernombud

Askvoll kommune har i samarbeid med ni andre kommunar i Ytre Sogn og Sunnfjord (SYS-kommunar tilsett personvernombod. Du kan kontakte personvernombodet om du treng hjelp eller det er noko du lurar på om kommunen sin lagring av personopplysningar eller personvern.

Personvernombud for SYS-kommunane er Carl Nyborg-Christensen. Kontaktinformasjon til personvernombodet er:

> Her kan du lese meir om personvernombodet for SYS-kommunane

 

 

> Gå tilbake til sjølvbeteninga

Fann du det du leitte etter?