Meny: Våre tenester > Byggesak, kart og plan > Byggesak > Kva skal du byggje? > Våtrom

Våtrom

Følgjande kan du gjere utan søknad:

  • Ombygging av våtrom i eksisterande bygg innanfor ei bueining.
  • Bygging av nytt våtrom i eksisterande bygg innanfor ei bueining.
  • Bygging av våtrom i nytt tilbygg der samla bruksareal eller bebygd areal for tilbygget ikkje er over 50 m2 og der tilbygget ikkje skal brukast som sjølvstendig bueining.
  • Ombygging og nybygging av fleire våtrom i ulike bueiningar (t.d. i blokker) så lenge arbeidet ikkje kjem i konflikt med brannskille mellom bueiningane.

Følgjande krev kvalifisert foretak 

  • Arbeidet bryt skille mot annan bueining (brannskille, lydskille).
  • Bygging av våtrom i nybygg følgjer søknadsplikt for nybygg og inngår i søknadsplikta med krav om ansvarleg foretak for nybygget.
  • Våtrom i nytt tilbygg over 50 m2 følgjer også søknadsplikta med krav til ansvarleg foretak. For eigen bustad eller fritidseigedom gjeld sjølvbyggarbestemmelsane.

Gå til "Korleis søke?" >

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?