Terrasse, platning, veranda eller balkong

Følgjande tiltak er unntatt søknadsplikt

Bygging av terrasse som lågare enn 0,5 meter over terreng og har areal under 50m2.

Terrassen kan vere samanbygd eller frittliggande, men avstanden til nabogrensa må vere meir enn 4 meter.

Dersom terrassen er lågare enn 0,2 meter over terreng er det ingen avstandskrav til nabogrense.

Følgjande kan du stå ansvarleg for/søkje om sjølv

Bygging av terrasse samanbygd med huset, balkong ol der avstanden til terreng er over 0,5 meter og arealet (BRA eller BYA) er mindre enn 50m2.

Dersom tiltaket er 0,5 meter over terreng og frittliggande, kan arealet vere maksimalt 70m2.

Skjemaet "søknad om tiltak utan ansvarsrett" skal nyttast.

Følgjande krev søknad frå kvalifisert føretak

Ved bygging av større terrassar, balkongar ol enn nemnt over, må du ta kontakt med et profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Arealplan - kva seier den om min eigedom?

Det vil vere avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan bygge. Dette vil typisk vere byggegrenser, avgrensing i storleik, høgde, takvinkel og liknande.

Pass på at tilataket er innanfor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga. Ta kontakt med kommunen for opplysningar om dette.

Dersom det du skal bygge ikkje er i samsvar med plan, må du søkje om dispensasjon.

Gå til "Korleis søke?" >

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Liss Lien

Bygg- og eigedomssjef
Telefon : 57 73 07 33
E-post : Send e-post